annonse

«Evita» for første gang utandørs i Norge

Nøgde
Nøgde: Styreleiar i Bømlo Musikallaug, Linda Hellen (f.v.), styremedlem Runa Våge Krukhaug og dagleg leiar Øystein Kausrud er svært nøgde med valet av neste musikal. (Foto: Ingvild Eide)
Spelte opp
Spelte opp: Musikk frå musikalen vart servert som starten på pressekonferansen. F.v. Runa Våge Krukhaug, Maren L. Gilje, Therese Grasdal og Karoline Gilje. (Foto: Ingvild Eide)

Bømlo Musikallaug lovar kjærleik, politikk og mykje god musikk når «Evita» blir sett opp til neste år.

  • Ingvild Eide

Tre år har gått sidan «West Side Story» vart spelt i regi av Bømlo Musikallaug på Moster Amfi. Mange har lenge gått å venta på neste musikal, og tysdag presenterte styret neste års nyhende.

– Eg er så glad for å endeleg kunne sprekkje bobla og fortelja det til alle, gliser dagleg leiar Øystein Kausrud, som har vore livredd for å røpa seg.

Arbeidet har halde på lenge, og etter å ha diskutert mellom fem-seks ulike musikalar, landa dei på «Evita». Ei av årsakene er at både musikk og manus legg opp til eit stort ensemble.

– Me er veldig stolte over at me prioriterer live-musikk og eit stort orkester, noko som vert mindre og mindre vanleg å sjå på scenar i Norge, fortel styreleiar Linda Hellen.

Basert på ei sann historie

«Evita» er basert på den sanne historia om Maria Eva Duarte som gifta seg med Juan Perón. Ho vart snart ein helt for folket, og vart etter kvart ein slags åndeleg leiar for folket då Perón vart president i Argentina i 1946.

I musikalen følgjer me Maria, eller Evita som ho vart kalla, frå ho er 15 år til ho døyr som ein legende berre 33 år gammal.

– Det er mykje politikk, og for mange oss var det òg fint med ei sterk, kvinneleg hovudrolle. Musikken er òg fin og kjend for mange, med utfordringar til koristar og orkester, fortel Hellen vidare.

Spelte opp
Spelte opp: Musikk frå musikalen vart servert som starten på pressekonferansen. F.v. Runa Våge Krukhaug, Maren L. Gilje, Therese Grasdal og Karoline Gilje. Foto: Ingvild Eide

– I tillegg er det både kjærleikshistorie, maktkamp og historie, skyt Kausrud inn.

Ønskjer å halda på det lokale

– I tillegg til historia og musikken, er det sjølvsagd eit stort pluss at det er rom for mange folk på scenen, fortel ho.

Eit stort ensemble betyr nemleg at fleire frå lokalmiljøet kan vera med, i tillegg til at amfiet har god plass.

– Det er første gong «Evita» blir sett opp utandørs i Norge, og me tenkjer me får utnytta forteljinga endå betre med god plass til ensemblet og kora som skal representera ulike samfunnsgrupper, forklarar Hellen.

Styret ønskjer eit stort og massivt ensemble på over 50 personar, om dei får det til avheng berre av om folk kjem på audition.

– Det blir audition i haust og me ønskjer å treffa så breitt som mogeleg. Me skal ha eit ensemble som representerer folket, og treng difor folk i alle aldrar og utsjånadar, forklarar Kausrud.

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut