annonse

Fann revyartist på Facebook

: Bømlo revylag har mange nye fjes på årets sommarshow. Eitt av talenta hanka dei inn via Facebook. Dette biletet syner kyrkjebenkene som er hamna i eit festlokale. Karane på benken er motstandar av dette og sit trufast på benkene sjølv om lokale er eit anna. (Foto: BØMLO REVYLAG)
Crazy nights

Revygjengen i Kulleseidkanalen fekk hjelp av sosiale media då dei trong friskt blod i staben.

Vidar Hope

Under tittelen «Etterlysning» har Bømlo revylag vore på jakt etter nye revytalent på Facebook.

 
«Går du med ein intens galskap inni deg som du berre kjenner må ut? Snakkar du med deg sjølv om merkjelege tema, og får urovekkjande svar? Tek du deg sjølv i å herma etter andre personar, før dei har forlate rommet?», var spørsmåla revygjengen hadde.

 
Og dei har fått mange svar av ulik karakter. Men viktigast er at dei har fått inn eit nytt revytalent.

Crazy nights

– Me fekk med oss 18-åringen Rebecca Gåsland Håvik, fortel Kurt Inge Larsen i Bømlo revylag, som no skal ha det meste klart til ny sesong i kanalen.

 
6. juni er det premiere på «Crazy nights». I tillegg til unge Gåsland Håvik, har bømlingane også fått med seg fleire røynde revyartistar.
 
 
 
 
Les også: Slik var sommarrevyen i Kulleseidkanalen i 2013

 
 
– Me har plukka mange kjende og kjære revyfolk, seier Larsen som ikkje stiller skyhøge krav til nykomlingar i revygjengen.

 
– Eg har sett at folk kan vera kreative på fest og i lukka lag. Men det er faktisk ikkje så stor avstand frå ein slik setting til revyscenen. Eit revytalent kan vera kva som helst, så lenge ein vågar å stå på scenen.

The place to be

Larsen seier han har det meste på plass av revynummer.

 
– Det er ikkje innøvd enno, men det ser bra ut på papiret. I tillegg er det bra interesse frå bedrifter som vil kjøpa billettar. Dei siste åra har me fått meir merksemd og det er større interesse, seier han.

 
Årets revy blir ekstra spesielt. Opplev Bømlo har teke over drifta av Kulleseidkanalen gjestehamn, og nytt revybygg er under bygging. Kurt Inge Larsen seier at dette blir «the place to be i Sunnhordland» denne sommaren.

 
– Tidlegare har me hatt revyen under ein teltduk som hang mellom to sjøhus. No vert det bygd nytt grindbygg, i tillegg til restaurant og pub. Det blir fantastisk, slår Larsen fast.

 
For tida blir det bygd for harde livet. Larsen håpar alt står klar til bruk ei veke før premieren.

 
– Me bør ha det meste på plass innan 1. juni, seier han.

 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut