annonse

Fantastisk og unik konsertoppleving

Internasjonal
DIRIGENT: Dirigent og stordabu Eivind Gullberg Jensen har stor internasjonal suksess, og denne laurdagen vitja han Stord saman med Stavanger Symfoniorkester og Leif Ove Andsnes. (Foto: INGVILD EIDE)
VIRTUOS
FORMIDLING: Leif Ove Andsnes har alt spelt på det nyinnkjøpte flygelet og vore med i prosessen. Laurdag var han med på avslutningskonserten for innviinga av flygelet, saman med Stavanger symfoniorkester. (Foto: INGVILD EIDE)
Konsert

Verdsstjerna Leif Ove Andsnes skuffa ikkje då han vitja Stord saman med vår eigen Eivind Gullberg Jensen og Stavanger symfoniorkester, og gav stordabuen ei oppleving dei seint vil gløyme.

  • Ingvild Eide

Det er laurdag kveld og utanfor Stord kulturhus ligg den raude løparen klar for å ta imot publikum. Folk har kledd seg opp i finstasen og i vestibylen er det stappfullt av spente andlet.

Den største klassiske konsertopplevinga på Stord på lang tid er berre minutt unna, og me byrjar trekkja oss inn i salen.

Urframføring av bestillingsverk

Det er full applaus når dirigent og stordabu Eivind Gullberg Jensen kjem inn på scenen, der Stavanger symfoniorkester alt sit og ventar. Før me veit ordet av det er konserten i gong. Med smygande og mystiske lydar startar urframføringa av verket «Orkesterdialogar», skrive av kvinnhering Knut Vaage, spesielt bestilt til denne konserten.

Det er interessante lydar, og musikken dreg oss rett inn i sitt univers. Med eit filmatisk preg vert fantasien sett i gong, og det er lett å laga seg bilete. Orkesteret speler av heile seg under trygg leiing av Jensen. Kvar einaste klang og tanke blir spelt ut, dei ulmande, nesten mekaniske lydane, til dei meir melodiøse og naturliknande klangar. Det følast verkeleg ut som om orkesteret samtalar og svarer kvarandre, slik tittelen antydar. Her har Vaage verkeleg utnytta heile spekteret i orkesteret, og laga eit stykke der det harmoniske er i evig kamp mot det kaotiske. Det er noko nesten opprørande med musikken, med innslag av vakre, melodiøse linjer. Jensen og orkesteret greier å verkeleg dra oss inn og halda på merksemda gjennom alle 12 minutt. Ein kjenner nesten pulsen stiga i takt med det hurtige tempoet i musikken, og pustar ut i lag med siste tone.

VIRTUOS
VIRTUOS: Leif Ove Andsnes har alt spelt på det nyinnkjøpte flygelet og vore med i prosessen. Laurdag var han med på avslutningskonserten for innviinga av flygelet, saman med Stavanger symfoniorkester. Foto: INGVILD EIDE

Virtuosen Andsnes

Neste stykke ut er Klaverkonsert i D-dur av Britten. No kjem Leif Ove Andsnes inn på scenen, og publikum er ville av begeistring. No skal flygelet verkeleg få sin dåp og eldprøve. Berre eitt slag inn i første sats kjem dei første tonane strøymande ut av flygelet, saman med eit storslått orkesterakkompagnement.

Snart får me både sjå og høyra kva for ein virtuos som bur i Andsnes, den verdskjende pianisten frå Karmøy. Fingrane flyg over tangentane, lett som berre det. Ikkje lenge etter får me også høyra kva flygelet er laga av. Andsnes speler florlette triolar, heftige fingerløp opp og ned, og hamrar ut store, mørke bassakkordar. Alt i eit forrykande tempo. Det er nesten som det gjer litt vondt i hendene berre å sjå på. Men stjernepianisten er ikkje berre teknisk god. Det er musikaliteten og evna til formidling som verkeleg er Andsnes si sterke side. Kvar gong han speler når det rett inn i hjarterota. Anten det er raske løp eller melodiøse, vakre linjer. Og orkesteret gjer verkeleg sitt for å halda nivået. Brått slår det meg at me faktisk sit i den lokale kinosalen på Stord, og eg blir nesten på gråten. All ære til dugnadsånd og musikkglede som kan skapa noko så flott og unikt.

Nøgde publikummarar

Konserten avsluttar med Symfoni i E-moll av Sibelius, og me er tilbake til meir tradisjonell symfonimusikk.

Forteljande og episk som Sibelius ofte er med vakre melodiar og storslått samspel. Her får orkesteret verkeleg vist musikaliteten og samspelet mellom orkester og dirigent. Det blir sjølvsagd ståande applaus, og Jensen kjem inn både ein og to gonger før publikum går heim, ei stor oppleving rikare.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut