annonse

Får besøk av russisk ensemble

Frå Russland
Frå Russland: Det russiske mannlege vokalensemblet Nikolskij Ensemble vart danna i byen Saratov i Russland i 2015 for å halda i live den store tradisjonen med russisk religiøs musikk og folkesong. (Foto: Privat)

Konsert med det russiske Nikolskij Ensemble i Nysæter kyrkje i kveld.

Magne Kydland

– I kveld vert dei eit vakkert og spennande møte med mellom anna russisk, religiøs folkesongtradisjon i Nysæter kyrkje. Då kjem det mannlege vokalensemblet Nikolskij Ensemble på besøk og held konsert, opplyser Bjarte Aadland.

Dette russiske mannlege vokalensemblet vart danna i byen Saratov i Russland i 2015 for å halda i live den store tradisjonen med russisk religiøs musikk og folkesong. Ensemblet ser det som ei oppgåve å formidla denne russiske musikktradisjonen i vestlege land gjennom årlege turnear vestover. Medlemmer i ensemblet er valde mellom dyktige solistar, frå operaen i St. Petersburg, frå Saratov sitt musikkteater og frå ulike katedralar. Kvar songar har sitt lidenskapelege forhold til russisk musikk, men dei har og eit stort repertoar med musikk skriven av dei store klassiske komponistane frå vestlege Europa.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut