annonse

Får støtte frå kulturrådet

Får støtte
Får støtte: Anna Rommetveit Folkestad får 190.000 kroner i støtte frå Norsk kulturråd til boka «Det kitlar når edderkoppen går på handa mi». (Foto: Anita Haugland/Arkiv)

Anna Rommetveit Folkestad og Stord Jazzklubb får sekssifra støtte frå Norsk kulturråd.

Magne Kydland

Totalt 73 prosjekt i Hordaland har komme gjennom nålauga, då Norsk kulturråd torsdag ettermiddag offentleggjorde kven som kjem med i årets første runde av tildelingar.

Musikkrelaterte prosjekt går att, men av prosjekta som får støtte i Sunnhordland, er det meir variert.

Mest støtte får Sunde kyst- og litteratursenter i Kvinnherad, med heile 1,5 millionar kroner.

Anna Rommetveit Folkestad får 190.000 kroner til boka «Det kitlar når edderkoppen går på handa mi», medan Stord jazzklubb får 150.000 kroner til vidare drift.

På Tysnes får Nils Olav Mevatne 50.000 kroner til kulturvern.

Les også: Fekk møta Folkestad sitt nye univers

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut