annonse

Fargerikt barnearrangement

: Caroline Sele (5) var svært nøgd med ansiktsmålinga ho hadde fått. - Det passa til kostymet mitt! smilte ho i einhjørningsdrakta si. Alle (Foto: Ingvild Eide)
FINE KJOLAR
FINE KJOLAR: Søstrene Marika (5) og Steffi (7) var svært stolte over dei fine prinsessekjolane sine. - Eg er Tornerose - og eg er Elsa! forklarte dei. (Foto: Ingvild Eide)
: Bandet Trio Hest var underhaldninga for dagen, og var svært populære. Borna var med i song og dans, og såg ut til å storkosa seg
: Sminkør frå IKK Anjali Singh sytte for at ungane fekk det ekstra kjekt, og lét dei velje heilt fritt. Her er det Caroline Sele som får sminke.

Sidan byrjinga av 90-talet har Internasjonal kulturklubb på Stord, skipa til karneval. Den over 20 år lange tradisjonen vart igjen heidra då dei inviterte til karneval i Samhald, søndag.

  • Ingvild Eide

Cirka 150 hadde løyst billett til arrangementet som lova leikar, godteri, ballongar, ansiktsmåling, musikk og noko godt attåt.
 
Det var ikkje få som hadde teke turen, og det var knapt ein ledig kvadratmeter på golvet. Det var fylt opp med dansande små prinsesser, superheltar, dyr, eventyrfigurar, piratar og mykje meir.

Musikk

Trio Hest med (Endre Olsen, Erlend Thoresen og Vidar Hope) stod for musikk og underhaldning. Knutsen og Ludvigsen fylde opp hovudrepertoaret, og borna var kjappe med å slenga seg på allsongen. Særleg «Hallo! Hallo!» fall i god jord.
 
 
Til slutt var det til og med fleire av borna som torde å springa opp på scenen og ta mikrofonen, då det kom oppfordring om dette.

Ansiktsmåling og einhjørning

Ein av desse var Caroline Sele (5). Ho hadde kledd seg i fullt kostyme og sprang opp på scenen då bandet byrja spela «Her kjem Pippi Langstrømpe».
 
 - Eg har kledd meg ut som ein einhjørning! kunne ho stolt fortelja, etter å ha fått ansiktssmåling av Anjali Singh i IKK.
  
Ho flagra med vengene, og var svært nøgd med både utkledning og sminke.
  
- Dette er andre gong me er på karneval med IKK, fortalde mamma Magnhild Agdestein.
  
- Det er så god stemning her, og Caroline vart særleg nøgd med at det var Knutsen og Ludvigsen som vart spelt, smilte Agdestein avslutningsvis.

Prinsesser

Lucy Kladienko hadde òg teke turen, saman med døtrene Marika (5) og Steffi (7).
   
- I Kviterussland er det ikkje tradisjon for å feira karneval, men døtrene mine elskar det, fortalde ho.
  
- Eg er Elsa
 
- og eg er Tornerose!
  
Dei to søstrene var tydeleg stolte over utkledninga, og prikken over i-en var sjølvsagd ansiktssmålinga dei hadde fått frå dei flinke sminkørane. Like snart som dei var komme, var dei borte att. Klare for å dansa, syngja og leika vidare med dei andre borna.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut