annonse

Fire lokale skulekorps i NM

Brass-NM
Brass-NM: Fitjar skulekorps kom på 6.-plass i konkurranse med 13 andre korps. Herr framfører dei NM-stykket sitt Sinfonietta No 2 på scenen i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus. Dirigent er Svein Roger Koppang. (Foto: Helga Rimmereid)
Janitsjar-NM
Janitsjar-NM: Stord skulekorps hadde spontankonsert på torget på Leirvik helga før NM. Dei hamna på 5.-plass i 2. divisjon. (Foto: Harald Onarheim)

Både Stord skulekorps og Fitjar skulekorps gjorde sine saker bra i NM.

Magne Kydland

Stord skulekorps enda til slutt på 5.-plass i 2. divisjon i meisterskapen for janitsjarkorps, som gjekk av stabelen i Larvik sist helg.

Bømlo skulekorps var det andre, lokale korpset som deltok i Larvik. Dei kom på 8.-plass i 3. divisjon.

I Stavanger vart NM for brass-korpsa arrangert, og her var det Fitjar skulekorps som gjorde det best av dei lokale, med ein 6.-plass i 2. divisjon.

Tysnes skulekorps kom på 8.-plass i same divisjonen.

Stord skulekorps er dirigert av Håvard Kroka, Svein Roger Koppang er dirigent for Fitjar skulekorps, Nick Hughes for skulekorpset på Tysnes, medan Åse Rønningen og Linn Espeland er musikalsk ansvarlege for Bømlo skulekorps.

Overraska folk i sentrum: Skulekorpset hadde spontankonsert på torget

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut