annonse

«Fjorden Cowboys»-konflikten er løyst

Tres amigos
Tres amigos: Hildegunn Wærness er kvinna bak suksesserien «Fjorden Cowboys». Her er ho flankert av stjernene i serien, Leif Einar Lothe (t.h) og Joar Førde. (Foto: Ragnhild Sørheim)

Stordabu og «Fjorden Cowboys»-serieskapar Hildegunn Wærness er blitt einig med TV 2.

Kjetil Østrem

Det har storma rundt tv-serien «Fjorden Cowboys», etter at Flimmer Film, produksjonsselskapet bak serien, gjekk konkurs. Deretter reiste stordabu og serieskapar Hildegunn Wærness tvil om TV 2 hadde rett til å visa den planlagde, komande sesongen av programmet på tv, utan først å snakka med henne. I dag melder Dagbladet at partane er blitt samde.

Les også: «Lothepus» får dialektpris

Diskusjon

– TV 2 og Norsk Filmforbund har diskutert situasjonen rundt serien «Fjorden Cowboys» og Hildegunn Wærness sin situasjon, etter at Flimmer Film gjekk konkurs i januar 2019, heiter det i ein uttale frå TV 2 og Norsk Filmforbund.

Vidare heiter det at partane gjennom drøftingar har klarlagd tilhøva, og løyst situasjonen på einmåte som både Norsk Filmforbund og Hildegunn Wærness har sagt seg nøgde med. Dette betyr at serien kjem til å gå på TV 2 som normalt.

Partane melder at dei i ein situasjon som denne ønskjer å ivareta dei norske prosjekta og dei rettane som blir råka ved ein konkurs, på ein måte som tenar alle si interesse og som dempar dei negative verknadene av konkursen.

Dagbladet har ikkje lukkast å få ein uttale frå Wærness.

Dynamitt

«Fjorden Cowboys» fortel historia om dei barske arbeidskarane Leif Einar Lothe (49) og Joar Førde (39) i Odda, gjennom både sprengingsoppdrag og andre, meir utradisjonelle og underhaldande arbeidsoppgåver. Lothe, gjerne betre kjent som «Lothepus» blant fansen, er blitt rikskjendis, spesielt etter at han også deltok i «Farmen kjendis» i 2017. Han har lånt namnet sitt til både øl, kondomar og strikkeplagg, og entreprenøren frå Odda har også ei karriere som plate- og konsertartist. Musikkarriere ligg i augneblinken på vent, etter at «Lothepus» fekk konstatert strupekreft i fjor.

Det er så langt sendt fire sesongar av «Fjorden Cowboys» på TV 2 sine plattformer, sidan 2014. Programmet fekk i 2017 «Gullruten» i kategorien beste dokusåpe.

Les også: «Fjorden Cowboys»-stjerna skal selja bryggjeutstyr på Leirvik

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut