annonse

Fleire artistar er i boks

Internasjonal suksess
Internasjonal suksess: Dagny Norvoll Sandvik, kjent under artistnamnet Dagny, har hatt suksess med debutsingelen Backbeat. I 2017 blei den akustiske versjonen spelt på Grey’s Anatomy, i episoden True Colors. (Foto: Milan Sachs)
Konsert
Konsert: Amanda Delara spelar på Tysnes den 12. juli. Hennar mest kjende låtar er Paper Paper, New Generation, Dirhamz og tolkinga av Karpe Dime-låten Gunerius. (Foto: Parsons)

Både Dagny og Amanda Delara besøkjer den store festivalen på vesle Tysnes til sommaren.

  • Anita Haugland

– Dagny er eit av namna som verkeleg mange har bede oss om å booka i år, og her kjem endeleg bekreftinga på at det er i boks! Me har òg booka Amanda Delara som i 2017 blei kåra til Årets nykommer av musikkmagasinet Gaffa.no.

I vekene framover vil det koma mange nye og spanande slepp. Billettsalet går som det susar, og me opplever nok ein gang å ligga framfor fjoråret, skriv dagleg leiar Øystein Vaage i ei pressemelding frå Tysnesfest.

Vidare heiter det at Dagny i den siste tida har etablert seg som ein av Norges store popyndlingar.

– Med låtar som «Backbeat», «Fools Gold» og «Wearing nothing» har ho klatra raskt oppover hitlistene. Ho hadde stor suksess med debutsingelen «Backbeat», og i mai 2017 blei han faktisk spelt på den amerikanske TV-serien «Grey’s Anatomy», i episoden «True Colors», informerer Vaage vidare.

27-åringen frå Tromsø var i fjor nominert til Spellemansprisen i kategoriane Årets nykommer og Årets låt.

– I desember kåra det anerkjende musikkmagasinet Billboard låten hennar Love you like that til verdas 79. beste låt i 2017. Bak seg på lista hadde Dagny kjende namn som The Killers, Lady Gaga og Justin Bieber. I februar legg Dagny ut på Norgesturne, og laurdag 14. juli har me gleda av å sjå henne på Gjerstad arena. Det blir garantert eit høgdepunkt, lovar Vaage.

Vidare presenterer Tysnesfest Amanda Delara som ein av dei mest spanande artistane som er på veg opp og fram i musikk-Norge.

– Ho er sjølvlært musikar og starta tidleg med å skriva eige materiale. Sommaren 2016 blei ho fanga opp av Red Bull Sound Select, noko som resulterte i ein utselt konsert på parkteateret i Oslo. Ho har i tillegg reist som special guest på turneen til Nico & Vinz.

Også Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, Bigbang, Kari Bremnes, Gardsbruk og The Vossa Rebels kjem til Tysnes denne sommaren.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut