annonse

Flygeljazz i storstova

Trio
Trio: Svein Olav Herstad Trio skal blir med på flygeljazz-konserten søndag, i lag med Storaas/Yttredal Duo. (Foto: Pressefoto)

Stord Jazzklubb er aktive om dagen og blir også med på flygelfesten til helga.

Magne Kydland

Som ein del av flygelfesten i høve innviing av det nye flygelet i Stord kulturhus, blir det jazzkonsert på kvelden, i regi av Stord jazzklubb, i samarbeid med flygelkomiteen og Stord kulturhus,

– Det vert ein jazzkonsert på høgt nivå søndag i kulturhuset. Det er jo slik at alle pianistar – uansett sjanger – ønskjer å spela på eit instrument med så høg kvalitet som mogeleg. Me er stolte over å kunne tilby ei ny stor konsertoppleving, denne gongen med eminente jazzmusikarar, to av dei er rekna mellom dei aller beste solo jazzpianistane i Norge, melder Stord jazzklubb i ei pressemelding.

Dei siktar til Tor Yttredal på saksofon og Vigleik Storaas på piano.

Yttredal, fødd og oppvaksen på Stord, har spelt i lag med Storaas i over 30 år, og dermed har dei mykje materiale å ta av, og ein veit ikkje alltid kva veg musikken tek.

I tillegg spelar Svein Olav Herstad Trio, beståande av Herstad på piano, Magne Thormodsæther på kontrabass og Håkon Mjåset Johansen på trommer.

– Svein Olav Herstad spelte med etablerte jazzmusikarar allereie i ein alder av 16 år. Han byrja seinare på jazzlinja i Trondheim. No, med 30 års erfaring som forskande og hardtarbeidande jazzpianist, har han utvikla eit eige uttrykk som er basert på brei kunnskap om tradisjonen, teknisk briljans, klangbehandling i verdsklasse, kombinert med nyskapande og innovativt fokus. Han har ein fingerspitzgefühl av ei anna verd og eit register som spenner frå det lyriske og elegante til ein sjeldan råskap, heiter det i pressemeldinga.

Svein Olav Herstad Trio består i tillegg av Magne Thormodsæter på kontrabass og Håkon Mjåset Johansen på trommer, to av dei aller fremste instrumentalistane i landet. Trioen har eksistert i denne forma sidan 2005.

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut