annonse

Forfattarar av Nedreaas-bok blir bokbada av Hansen

Skal bokbada
Skal bokbada: Atle Hansen. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)
Ung forfattar
Ung forfattar: Torsdag blir Torborg Nedreaas tema for bokbad på biblioteket. (Foto: PRIVAT)

Torsdag får folkebiblioteket besøk av Grethe Fatima Syéd og Torill Wistner frå Nedreaas-selskapet. Dei blir «bokbada» av Atle Hansen.

Hilde Vormedal Nybø

Dette skjer i samband med den nye boka av Grethe Fatima Syéd, «En sommar med Nedreaas».

Boka kom ut tidlegare i år, og forutan denne vil fokus vera denne kvelden vera på Torborg Nedreaas sitt liv og forfattarskap.

– Nederaas var ein sentral forfattar i etterkrigstida, og ein forsvarar for dei svake. Ho var fødd i 1906 i Bergen og budde der i oppveksten. Mora vart skild, og Nedreaas budde delvis i København, og delvis på Stord. Stefaren hadde sommarhus på Stord. Ho budde også på Stord under krigen saman med mora. I diktinga til Nedreaas kan ein finna mange spor frå Stord. Dette gjeld i natur- og miljøskildringar, men og i motivval.

Ung forfattar
Ung forfattar: Torsdag blir Torborg Nedreaas tema for bokbad på biblioteket. Foto: PRIVAT

Torborg Nedreaas var utdanna konsertpianist, men kom til bli kjend som forfattar. Debuten hennar var i 1945 med to novellesamlingar: «Før det ringer tredje gang» og «Bak skapet står øksen». Torborg Nedreaas er elles særleg kjend for oppvekstforteljingane om jenta Herdis Hauge, «Trylleglasset», «Musikk frå en blå brønn» og «Ved neste nymåne».

– Ho er og ein forfattar som har sterkt kvinnefokus. Dette kjem m.a. til uttrykk i forsvaret av tyskarjentene i boka «Bak skapet står øksen» og kvinnefokus er det også i boka «Av måneskin gror det ingenting», skriv Stord folkebibliotek i ei pressemelding.

Få med deg kva som skjer i kulturlivet i Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut