annonse

Frå Guns N’ Roses til Elvis

Singelslepp
SIngelslepp: Det starta med Guns N’ Roses-cover. I dag lanserer Frida Nygård ei fluknade ny innspeling av Elvis-klassikaren «Can’t help falling in love». Her får Handballfestivalen i år. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

40 år etter at Elvis Presley døydde, bles ei ung kvinne frå Sagvåg liv i ein av dei største klassikarane hans.

Vidar Hope

I mai debuterte Frida Nygård (23) som soloartist med coverinnspeling av Guns N’ Roses-hiten «Sweet Child O’Mine», som ho hadde spelt inn i eit tomt basseng med barndomskameraten Alf Vaksdal som produsent.

I juni framførte Nygård songen for 200 publikummarar på Handballfestivalen. I dag slepper ho ein ny gammal klassikar.

– I år er det 40 år sidan Elvis døydde. Han var jo ein unik artist. Eg er audmjuk i forhold til å gjera ei tolking av ein som har betydd så mykje for folk og for musikken. Dette er min hyllest til Elvis, skriv Frida Nygård i ei pressemelding.

Songen ho har valt er «Can´t help falling in love» – ein song mange før ho har prøvd å covra.

– Dette er ikkje nødvendigvis noko lukkeleg kjærleikssong. Dette er heilt klart ein song kvar einskild kan tolka på sin eigen måte. Her er ingen fasit, skriv Nygård.

Ho har delt sju år på Litlabø skule som klassekamerat med Alf Vaksdal. Dei møttest igjen på musikklinja på Stord vgs. Det musikalske samarbeidet mellom dei to held fram i dag.

– Me jobbar veldig konsentrert og kreativt i lag. Alf er min altmoglegmann. Hans erfaring og kunnskap er svært viktig for meg. Eg er heldig som får arbeida med han på prosjekta mine, skriv Nygård.

Den nye coverinnspelinga er tilgjengeleg i straumetenester som Spotify, Itunes og Tidal.

Nygård er i haust i gang med studiar ved Bergen arkitekthøgskole. Vaksdal jobbar med ei masterutdanning i elektronisk musikk ved Universitetet i Agder.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut