annonse

Frå Sandnes til Vervadagane

: Keramikkunstnar Linda Jane Gausel hadde med seg barnebarnet Lalaria Vinterland (5) under Vervadagane på Jensaneset. Alle (Foto: THEA IDSØE)
: Solbjørg Tvederøy ekspederte snopesjuke kundar under Vervadagane. Her hjelper ho Gro Larsen Andersen.
: Elias-båten måtte melde fråfall, men dei som ønska fekk sitja på med kaptein Elias Koløen Gravdal (8) i 11 fot store «Brit Besto».

Linda Jane Gausel frå Sandnes stilte ut keramikken sin under Vervadagane på Jensaneset.

  • Thea Idsøe

– Eg har vore mykje på Stord sidan dottera mi flytta her til. Eg er så utruleg glad i trebåtar og har gått mykje tur her nede på Jensaneset med barneborna mine, fortel keramikkunstnar Linda Jane Gausel frå Sandnes.

– Bevarer kulturen

I helga vart dei tradisjonelle Vervadagane skipa på Jensaneset i regi av Sagvågen Kystlag, og Gausel var blant utstillarane.
 
 
 
– Det er noko med tjærelukta og miljøet her ned som fascinerer meg. Det er utruleg flott korleis dei har klart å bevara kulturminna, slår Gausel fast.
 
 
 
I helga hjelpte barnebarnet, Lalaria Vinterland (5) til med keramikkutstillinga hennar.

10 kilo drops

Bak kassen inne på gamle «Kårebutikkjen» står Solbjørg Tvederøy og sel kaffi, heimelaga brød og godteri frå gamledagar. Frå klokka seks til midnatt dagen før produserte ho drops til den store gullmedalje.
 
 
 
– No har me laga ti kilo drops. Sist år hadde me selt ut alle før klokka slo tolv. Det verkar som at folk set pris på Vervadagane, dei kjem iallfall attende år etter år, seier Tvederøy.
 
 
 
 
LES OGSÅ: Fekk pris for arbeidet med kystkulturen
 
 
 
 
– Sidan 1993 har me skipa Vervadagane, med unnatak av to år. Og det verkar som at arrangementet ikkje går av moten med det første. I fjor hadde me 700 besøkjande, berre på laurdagen, seier primus motor for arrangementet, Terje Lamo.
 
 
 
– Det er jo dette som er grunnlaget til Stord, og dette søkjer me å bevara på det gamle vervområde, held han fram.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut