annonse

Frida Nygård framførte Guns N’Roses-låta på Handballfestivalen

SONG PÅ FESTIVALEN
SONG PÅ FESTIVAL: Frida Nygård hadde konsert på Handballfestivalen søndag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SONG PÅ FESTIVALEN
SONG PÅ FESTIVAL: Frida Nygård hadde konsert på Handballfestivalen søndag. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
PÅ TANGENTAR
PÅ TANGENTAR: Severin Vik spelte keyboard under Frida Nygård sin konsert. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
PÅ TANGENTAR
PÅ TANGENTAR: Severin Vik spelte keyboard under Frida Nygård sin konsert. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KJEKT PÅ KONSERT
KJEKT PÅ KONSERT: Marius Tobias Hoven og Camilla Seljebu hadde med seg borna Tord (3) og Synnøve Seljebu Hoven (7) på konsertane. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SJANTIFANTAR
SJANTIFANTAR: Storm Weather Shanty Choir hadde også konsert på Handballfestivalen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SJANTIFANTAR
SJANTIFANTAR: Storm Weather Shanty Choir hadde også konsert på Handballfestivalen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SJANTIFANTAR
SJANTIFANTAR: Storm Weather Shanty Choir hadde også konsert på Handballfestivalen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KONSERT

  • Henrik Mundal Andreassen

Frida Nygård frå Sagvåg gjekk søndag kveld på scenen på skeisebanen, under Handballfestivalen på Vikahaugane.

Der framførte ho i lag med Severin Vik på tangentar, mellom anna den norske artisten Aurora sin «Half the World Away» og Sting sin «Fields of Gold» før ho avslutta med coverlåta ho sjølv nyleg har lansert, av Guns N’Roses sin «Sweet Child O’Mine».

Familie på konsert

Blant publikum møter me Marius Tobias Hoven og Camilla Seljebu, som har med seg borna Tord (3) og Synnøve (7). Dei er her mellom anna for høyra på musikken til Frida Nygård.

– Veldig fint, strålande er det å høyra på, seier Camilla Seljebu som kjem frå Stord, men som no bur i Oslo.

– Er de på Stord for å få med dykk Handballfestivalen?

– Me besøkjer familie og så er me her i kveld for konsertane sin del, seier Marius Tobias Hoven.

– Så me har nok ikkje fått med oss sjølve kampane på Handballfestivalen, held Camilla Seljebu fram.

KJEKT PÅ KONSERT
KJEKT PÅ KONSERT: Marius Tobias Hoven og Camilla Seljebu hadde med seg borna Tord (3) og Synnøve Seljebu Hoven (7) på konsertane. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Lanserte nyleg

Frida Nygård var først på scenen, før Storm Weather Shanty Choir kom på, og om lag 200 born og unge med foreldre hadde teke turen for å få med seg konsertane på skeisebanen, medan handballkampar og andre aktivitetar gjekk føre seg oppe i idrettsparken.

– Kjempekjekt å få syngja her under Handballfestivalen, for eit fantastisk arrangement. Eg har sjølv vore med å spelt handball her som yngre, seier Frida Nygård.

SJANTIFANTAR
SJANTIFANTAR: Storm Weather Shanty Choir hadde også konsert på Handballfestivalen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

– Har du fått med deg kampane også?

– Eg har fått med meg litt ja, sidan eg har ein tanteunge som spelar handball, seier artisten frå Sagvåg.

Versjonen hennar av den kjende Guns N’Roses låten «Sweet Child O’Mine» frå 1987 vart nyleg lansert, og har allereie fått over 41.000 avspelingar gjennom den populære musikkstrøymetenesta Spotify.

Les også: 23-åring frå Sagvåg på Spotify

Les også: 100 Dagar fekk 100.000 kroner

Les også: Stordjentene gir alt mot Askøy

henrik@sunnhordland.no

 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut