annonse

«Garantert ei av sommarens vakraste stunder»

Til Tysnes
Til Tysnes: Ingebjørg Bratland. (Foto: Promo)

Ingebjørg Bratland opptrer i Onarheim kyrkje under Tysnesfest 2018.

Vidar Hope

Det blir garantert ei av sommarens vakraste stunder, skriv Øystein Vaage i Tysnesfest i ei pressemelding.

– 70 utselde konsertar på siste turné talar vel og for seg sjølve. Det er ingen overdriving å kalla artisten frå Vinje for ein aldri så liten popsensasjon. 6. oktober sleppte ho også sitt fjerde album, «Hjarteskjell», til strålande meldingar, skriv Vaage.

Les også: Elvis Costello spelar på Tysnesfest

Han legg til at han er glad for at Bratland har takka ja til å spela for bebuarane på sjukeheimen, slik kyrkjeartistane på Tysnesfest pleier å gjera.

– Konserten er inkludert i Tysnesfest-festivalpass, men det er avgrensa plassar reservert mot festivalpassa, og det er førstemann til mølla.

Ingebjørg Bratland spelar i Onarheim kykje søndag 15. juli.

Til no er følgjande artistar lansert til Tysnesfest 2018: Elvis Costello & The Imposters, Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels.

Les også: Festidalen hanka inn solide rockarar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut