annonse

Gjer klart for ny klosterdag

Konsert
Konsert: Årets klosterdag blir avslutta med konsert med den populære duoen Fliflet/Hamre. (Foto: Pressefoto)

Hatteutstilling, foredrag, gudsteneste og konsert står på programmet på årets klosterdag.

Magne Kydland

Kommande søndag er det klosterdagen på Halsnøy Kloster. Ute på tunet vert det leikar for store og små til fri nytting

Modist Kirsti Nordberg Moe har laga hatte- og hovudplaggutstillinga «Celebert taffel» i kjellaren og i den raude stova, og etter utstillingsopninga følgjer kåseriet «Hatt – i myte og mote» med konservator emeritus Tore Lande Moe.

– I år samarbeider me igjen med Fjelberg og Eid Sokneråd og utegudstenesta deira vil i år falle saman med Klosterdagen. Det vert difor gudsteneste på ettermiddagen, leia av prost Jan Ove Totland. Ute eller inne, det bestemmer vêret. Dagen vert avslutta med heidundrande konsert med duoen Fliflet/Hamre i stovene. Her kan det verta trongt om plassen så det er lurt å kjøpa billett tidleg på dagen. Håper mange finn vegen til Halsnøy kloster også i dag. Open kafé heile dagen og som alltid er Venelaget for Halsnøy kloster med og syt for at alt går vel, heiter det i ei pressemelding.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut