annonse

Gode føremål-prisen til stordabu

Fekk pris
Fekk pris: Stordabu Ingvild Lothe. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

I 2012 blei CD-en «Valgets kavaler» gitt ut på sueTunes Records i eit eksklusivt opplag på 500.

Magne Kydland

CD-en var ei markering av Ragnar Hovland sin 60-årsdag, og bestod av norske artistar og forfattarar som gjennom sine bidrag var med på å hylla forfattaren. Forordet var av Jon Fosse, og omslagsillustrasjon av Steffen Kverneland. Initiativtakarar og administratorar var Roy Ole Førland og Ingvild Bræin. Alle bidrag blei leverte i dugnadsånd; ikkje-honorerte.

Blant bidragsytarane på CD-en var Odd Nordstoga, Side Brok, Kafkatrakterne, Pedro Carmona-Alvarez, Einar Økland, Agnes Ravatn, Maria Parr, Odd W. Surén m.fl.

– Overskotet etter salet blei bestemt å skulle gå til ein ung og lovande forfattar. Ragnar Hovland og komiteen (Førland/Bræin) er komne fram til at den unge, kritikarroste vestlandslyrikaren Ingvild Lothe frå Stord (biletet) er personen som skal ta imot den beskjedne, men forhåpentleg inspirerande summen av 15.000 kroner. Overrekkinga stod Hovland og komiteen for under den nynorske barnelitteraturfestivalen Falturiltu på Stord, under programposten «Franske favorittar», som gjekk føre seg i går kveld, heiter det i ei pressemelding.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut