annonse

Goldlog i kyrkje og kafé

Turné
Turné: Goldlog, med Ingjerd Kannelønning Kolstad og Ian Kolstad, spelar to helgar på rad. (Foto: Arkiv)

Dei to neste helgane vert Goldlog å høyra både i kyrkjerom og i kafé.

Magne Kydland

– I kyrkjene på Tysnes, Stord og i Olsvik, i tillegg til i PS Bryggekafé på Fitjar og i Amalies Hage i Bergen kjem Goldlog med ei nedtona orkestrering. Bandet, med frontfigurane Ingjerd og Ian Kolstad, tar med seg cello og det gamle skule-pumpeorgelet frå Leirvik bedehus, og presenterer stoff frå den meir melodiske delen av diskografien sin. Programmet er sett saman av songar frå alle dei fem albuma Goldlog har gitt ut, skriv Goldlog i ein e-post.

I 2017 feira Goldlog femten år og markerte dette med produksjonen «Black/15», som vart meldt til ni av ti hos NRK.

Forutan ekteparet Kolstad blir Jonas Selås Olsen med på gitar, Henrik Zahl Pettersen på cello og Fredrik Horn på tangentar.

Sjekk kulturoversikta for Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut