annonse

Grønt lys for torgkunsten

VISTE FRAM MODELL
VISTE FRAM MODELL: Kunstkonsulent Jørund Fjøsne viste politikarane ein modell. (Foto: Marius Knutsen)

NMK-komitéen går inn for å plassera «Den høgreiste og havet» i Leirvik sentrum.

Marius Knutsen

Under eit møte i komitéen for næring, miljø og kultur blei det bestemt at Anders Kjellesvik sin kunst skal plasserast på torget i Leirvik sentrum, og i Vidsteenparken.

Sju av representantane røysta for framlegget til rådmannen, som var å realisera prosjektet med plasseringane og modifikasjonane som er gjort. Venstre og KrF røysta imot.

Fekk sjå modell

Kunstkonsulent Jørund Fjøsne hadde laga ein modell av skulpturen som han viste politikarane. Han snakka også varmt om den jobben kunstnaren Anders Kjellesvik har lagt ned.

– Eg trur ikkje det var mange som kunne tenkja seg til kor populær den blå steinen i Bergen har blitt. Det har blitt ein møteplass, og det trur eg kunsten til Anders også kan bli. Dette er ikkje skrap, men flott stål. Både fargane og stålet er henta frå Kværner, fortalde Fjøsne til komitéen.

Sidan byrjinga av prosjektet er det gjort ei rekkje endringar på skulpturen til Kjellesvik. Han har mellom anna fått redusert høgda si frå 190 cm til 163 cm, alle hjørna på H-bjelkane er no avrunda og tyngda på verket er redusert med rundt 20 tonn.

– For dominerande

Kjetil Eldøy (KrF) fremja eit motforslag til framlegget frå rådmannen. Han ville ikkje ha kunsten på torget og ville annullera kjøpet.

– Tidlegare har eg argumentert imot tryggleiken. No er det gjort noko med. Eg vil framleis ikkje ha kunstverket på torget. Det blir for dominerande.

Eldøy fekk støtte frå Odd Stuve Rommetveit (V).

– Skaper liv

Arnfinn Saue i Stordlisto tok til ordet for å få plassert kunsten på torget.

– Eg har tidlegare drive Narvesen i sentrum. Det har ikkje skjedd noko der på veldig mange år. Me treng eit tiltak for å få meir liv i sentrum. Eg stemmer for å plassera kunsten på torget.

Også Geir Kannelønning (H) ville få kunsten på plass.

– Eg trur dette kan bli bra. På same måte som Den blå steinen i Bergen kan dette bli ein fin møteplass i sentrum. Pengane har me allereie brukt, så no må me få opp kunstverket.

Saka skal seinare opp i kommunestyret før endeleg avgjerd blir teke.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut