annonse

Hallelujah-kameratene gjer comeback i Sunnhordland

Vender tilbake
Vender tilbake: Hallelujah-kameratene herja framfor 2.400 på Gjerstad i 2009. I sommar kjem dei tilbake. (Foto: Marius Knustsen)
10 år seinare
10 år seinare: Slik ser dei ut i dag. (Foto: Kilian Munch / pressefoto)

I sommar blir det gjensyn med kvartetten.

Vidar Hope

Etter fleire rolege år er kvartetten Espen Lind, Alejandro Fuentes, Aksel Holm og Kurt Nilsen tilbake i manesjen. I dag blir det lansert konsertar med gruppa over heile landet. Éin av stoppestadane er Tysnesfest.

Prosjektet starta etter ei framføring av Leonard Cohen sin klassikar «Hallelujah» på «Skavlan» i 2006. Sidan den gongen har kvartetten hatt kallenamn Hallelujah-kameratene.

Gruppa har seinare vunne Spellemannpris og fylt Oslo Spektrum fleire gonger.

I 2009 besøkte kvartetten Tysnesfest og 2.400 fekk med seg konserten. 10 år seinare kjem dei altså tilbake. Turneen i sommar går over tre månader.

– Dette kjem til å bli vanvitig gøy både for oss og for publikum. Me klinkar til, og skal laga fest kvar gong me går på scenen. We’re gonna party like it’s 2009! seier Kurt Nilsen i ei pressemelding.

– Det blir ei tidsreise i dobbel forstand. Publikumet vårt har også blitt eldre sidan me sist var på vegen. Denne gongen utvidar me repertoaret vårt. Fleire låtar, større breidde, større produksjon og endå fleire hits. Det norske publikumet fortener ein festkveld som dette – og me gler oss, seier Espen Lind.

10 år seinare
10 år seinare: Slik ser dei ut i dag. Foto: Kilian Munch / pressefoto

Les også: Aurora spelar på Tysnesfest i sommar

«Då me i 2009 booka Lind, Nilsen, Fuentes og Holm var dei utan sidestykke den største festivalbookinga me hadde gjort hittil. Det kom 2.400 publikummarar på konserten, og me kjente at no er me faktisk blitt ein stor festival», sa Sigvard Madsen i eit intervju til boka om Tysnesfest i 2016.

Då festivalen i haust fekk nyss om at gjengen skulle på turné igjen i år, måtte dei berre booka kvartetten, skriv han.

– Me gler oss enormt til torsdag 11. juli, der både Åge & Sambandet og D.D.E skal dela arena med Lind, Nilsen, Fuentes og Holm.

Les også: Åge Aleksandersen spelar gratiskonsert på Stord i sommar 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut