annonse

Hamnetreff med gamle skip

Kvilehamn
Kvilehamn: Leirvik vil vera kvilehamn for fleire av skipa som skal til Bergen på Fjordsteam i byrjinga av august. Då vil det bli høve for publikum til å sjå nærare på skipa. Her er MS «Granvin» på veg inn i hamna. (Foto: Ingvild Sjo/arkiv)

Gamle fjordatravarar samlast i Leirvik hamn.

Magne Kydland

Onsdag 1. august arrangerer M/S «Sunnhordland» og M/S «Granvin», i samarbeid med Fjordsteam, «hamnetreff» i Leirvik hamn.

Fleire av båtane som skal delta på Fjordsteam i Bergen i byrjinga av august vil stoppa i Leirvik hamn frå onsdag til torsdag.

– Forutan våre to skip vil D/S «Hestmanden» (lasteskip), M/S «Sandnes» (Nattruteskip), M/S «Rogaland» (Kystruteskip), M/S «Fritjofen» (forskingsfartøy), S/B «Hebe» (Slepebåt) og M/S «Nøkk» (Sjøbrannsprøyte) vera med på hamnetreffet. Maritimt Museum vil halde ope og me har fått tilskot frå Fjordsteam til litt musikk. For entusiastar av kystkultur og veteranskip vil dette bli ein fin forsmak på Fjordsteam i Bergen. Det vil sjølvsagt vera høve til å sjå nærare på skipa, opplyser Sigbjørn Framnes på vegner av arrangørane.

Fjorsteam er eit arrangement for vetranbåtar som blir arranger på rundgang mellom Bergen, Stavanger og Florø.  Årets arrangement, som er frå 2. til 5. august, er det største i sitt slag, sjeldan eller aldri har så mange veteranskip vore samla som i år. Det vil i Bergen også vera mange utanlandske skip som deltek.

– For dei som har høvebør turen gå innom Bergen ein av disse dagane. Ein liten forsmak på dette får ein altså på Leirvik dagfen før. Båtane kjem sørfrå og treng ei kvilehamn på veg nordover mot Bergen. Me heiv oss rundt og fekk dette til her på Leirvik, og me trur mange vil ha glede av dette. Når dette skjer, vil me prøva å laga litt liv og aktivitet i sentrum denne dagen, seier Framnes.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut