annonse

Han blir musikalsk leiar for «Evita»

«Evita»
«Evita»: Trond Husebø går inn i produksjonen av neste års storsatsing i Moster Amfi. (Foto: Pressefoto)

Bømlo teater har hanka inn ølensbu til neste års storproduksjon i Moster Amfi.

Vidar Hope

«Trond Husebø har ein allsidig bakgrunn som dirigent og bratsjist. Han har vore med på fleire av Bømlo Teater sine tidligare produksjonar. Han var med som musikar og assistentdirigent på «Miss Saigon» i 2009, «Musikalske høgdepunkt» i 2011, og som musikar i «I slik ei natt» i 2016 og 2017. Han har òg vore dirigent for mostraspelet «Kristkongane på Moster» i ei årrekkje, skriv Bømlo teater i ei pressemelding onsdag.

Husebø har utdanninga si frå Norges musikkhøgskole, og var tilsett som assistentdirigent i Bergen Filharmoniske orkester frå 2009 til 2011. Etter dette har han dirigert dei fleste norske orkester og ensemble, og gjer sin debut med Oslo Filharmoniske i sesongen 2017/18. Han har òg dirigert fleire orkester i utlandet, m.a. Gøteborg Symfoniorkester, Norrköping Symfoniorkester, Aarhus Symfoniorkester og Aalborg Symfoniorkester. Dei siste åra har han vore dirigent for Secret Garden, no sist med Atlanta Pops Orchestra i USA, melder teaterlaget.

– Med Trond får me ein erfaren og allsidig musikalsk leiar, og ser fram til endå eit godt samarbeid med han. Bømlo teater er heldige som har ein så erfaren dirigent og musikar frå vår eigen region til å ha den musikalske leiinga for dette storprosjektet. Me ser fram til eit godt samarbeid med Trond, skriv dagleg leiar Øystein Kausrud i ei pressemelding.

Sjekk kulturhausten i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut