annonse

Han vil fjelga «fiskedama»

Pusse opp
Pusse opp: Jonathan Zaneski og idrettslaget Trott har gjeve Stord kommune tilbod om å fiksa «Fish Woman» og sørgja for at skulpturen får komma fram i offentlegheita igjen. (Foto: MARIUS KNUTSEN / ARKIV)
Rift om damo
Rift om damo: Ho er i dårleg forfatning etter eit tøft liv i sjøen, men like fullt er det fleire som ønskjer hand om skulpturen til Inga S. Søreide. (Foto: THEA IDSØE / ARKIV)
GASSFRAMTID?
GASSFRAMTID?: Atle Wigum presiserer at han vil kjøpa «Fish Woman» som privatperson. Ideen hans er å stilla ho ut på det planlagde biogassanlegget. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv)

Jonathan Zaneski vil reparera og montera skulpturen «Fish Woman» som ein dugnad for Trott. Men Atle Wigum i Sunnhordland Naturgass og Kjartan Grov prøver også å få kloa i den omstridde skulpturen.

Hilde Vormedal Nybø

– Det Trott kan tilby er reparasjon og montering i kulturhuset til 30.000 kroner, alt inklusivt. Det er eg som står ansvarleg for dette. Eg har mange års erfaring innan overflatebehandling både innan industri og privat, skriv Zaneski i eit brev til Stord kommune.

Ryddig og effektivt

Han skriv vidare at arbeidet med skulpturen vil gjerast på ein ryddig og effektiv måte.

– Dette vil vera ein vinn-vinn-situasjon for alle. Trott treng pengar, og utsmykkingsfondet treng å få utført arbeidet til ein pris det går an å leva med, skriv Zaneski.

Blei for dyrt

Sunnhordland har tidlegare skrive om at utsmykkingsfondet tidlegare i år vende tommelen ned for å bruka 100.000 kroner på å reparera «Fish Woman» og plasserast som ein installasjon i kulturhuset. Dermed har skulpturen, som er prega av fire tøffe år i vasskorpa, hamna på eit lager. Då dette blei kjent har interessentane meldt seg.

Rift om damo
Rift om damo: Ho er i dårleg forfatning etter eit tøft liv i sjøen, men like fullt er det fleire som ønskjer hand om skulpturen til Inga S. Søreide. Foto: THEA IDSØE / ARKIV

Plass

Ein av dei er Atle Wigum, som jobbar i Sunnhordland Naturgass AS. Han understrekar at det er han som privatperson som er kjøpar, men planen er å henga «Fish Woman» i inngangspartiet i kontorlokala hos Sunnhordland Naturgass i første omgang, og seinare i det planlagde kunnskapssenteret ved biogassanlegget.

Kjartan Grov har komme med eit bod på fiskedamo på 10.000 kroner.

Les også: «Fiskedama» hamnar på lager

I forhandlingar med Trott

Innspelet frå Trott skal leggjast fram for utsmykkingsfondet som skal handsama saka på måndag. Innstillinga går på å ikkje selja skulpturen og gå i forhandlingar.

Det er også ønskjet til kunstnaren Inga S. Søreide.

– Skulpturen er i Stord kommune sitt eige. Det vil seia at kommunen sin kunstkonsulenten, kommunestyret og utsmykkingsfondet må avgjere dette. Om Trott skal reparera han, så vil det vera slik at kommunen tek vare på og beheld skulpturen, gir han vidare liv og samstundes får ordna dette med eit billegare budsjett. Det kan vera ei god løysning, for då vil prosjektet og planen blir realisert slik det var tenkt. Skulpturen og kunstdebatten får leva vidare, noko som kanskje er naudsynt i lokalsamfunnet, skriv Søreide.

GASSFRAMTID?
GASSFRAMTID?: Atle Wigum presiserer at han vil kjøpa «Fish Woman» som privatperson. Ideen hans er å stilla ho ut på det planlagde biogassanlegget. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / arkiv

Ho peiker på at innhaldet, forma og fargen på skulpturen må bli den same.

Vil ikkje selja

Søreide er ikkje like begeistra for ideen som å selja skulpturen til ein privat aktør.

– Personleg synest eg det står fram som ei lettvint løysing med økonomisk føremål, skriv Søreide.

Leiar for utsmykkingsfondet, Marit T. Odland (Ap) ønskjer ikkje å selja.

– Eg meiner me bør ta vare på skulpturen. Korleis dette skal gjerast må me diskutera med den nye kunstkonsulenten, seier Odland til Sunnhordland.

Les også: Vil bruka 100.000 til på «Fish Woman»

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut