annonse

Hanka inn superstjerne til Gjerstad arena

Til Tysnes
Til Tysnes: Giganten Elvis Costello spelar på vesle Tysnes laurdag 14. juli. (Foto: James O’Mara / elviscostello.com)
Legende
Legende: Elvis Costello i Logen teater i Bergen hausten 2014. (Foto: Vidar Hope)

Elvis Costello spelar på Tysnesfest laurdag 14. juli.

Vidar Hope

Den britiske superstjerna har med seg bandet The Imposters når han kjem til Tysnesfest i juli.

«Elvis Costello er ei legende som har vore på vegen i 40 år. Han har samarbeidd med store namn som Paul McCartney, og er gift med jazzartisten Diana Krall. 63-åringen har gjeve ut eit 30-tals album åleine og med fleire band og andre artistar», skriv Øystein Vaage i Tysnesfest i ei pressemelding.

«I starten på karrieren var Costello sterkt påverka av punk og new wave. Men sidan har han gjort seg bemerka i ei rekke sjangrar, mellom anna blues og country. Engelskmannen har vore og er ein politisk person. Han var mellom anna ein av drivkreftene for «Rock against racism», og gav ut fleire plater som meir enn antyda kraftig motstand mot Margareth Thatcher og hennar regjering, spesielt Falklandskrigen. Costello har ein Grammy-pris, og vart i 2003 teken opp i Rock and roll hall of fame», står det vidare.

Les også: Alan Walker kjem tilbake til Tysnes

Legende
Legende: Elvis Costello i Logen teater i Bergen hausten 2014. Foto: Vidar Hope

I november i fjor sleppte Costello singelen «You shouldn’t look at me that way out now!», og han skal sommaren 2018 ut på endå ein turné. Før konserten på Tysnesfest skal Costello mellom anna spela i Anwerpen, Manchester og Wien.

Følgjande artistar er lansert til Tysnesfest 2018 så langt: Elvis Costello & The Imposters, Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, OnklP & De Fjerne Slektningene, Bigbang, Oslo Ess, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels

Sjekk kulturoversikta i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut