annonse

Hansen og Nyansar av grått

Spelar på puben
Spelar på Puben: Atle Hansen har med seg band på Osvald Pub i helga. (Foto: Gisle Østrem)

Atle Hansen har fått med seg bandet Nyansar av grått og byr på nye og gamle låtar på Osvald i helga.

Hilde Vormedal Nybø

Bandet er sett saman av Endre Olsen, gitar, Rolf Martin Haldorsen, gitar, Åge Vallestad, piano, Jørn Olav Myhre, bass, og Hans-Olav Molde, trommer, skriv Atle Hansen i ei pressemelding.

Sjølv spelar Hansen både akustisk gitar og elgitar. Bandnamnet er henta frå ein av songane på Atle Hansen sin EP «Resonator». Songane er for det meste skrivne av Atle Hansen sjølv og er henta frå heile hans lange visesongar-liv.

Les også: Flygeljazz i storstova

Nokre av songane har tekstar av Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad. Nokre er gamle kjenningar andre vert framførte for første gong offentleg i helga. Viser, country, blues og folkrock, humor og alvor. Opne klangar og bastant bluesrock. Eigna til både lytting og dansing og til å syngja med på.

Atle Hansen feirar 20 år som forfattar i haust og er også bokaktuell med barneboka «Apetryne». Det vert sal av gamle og nye bøker, og plater, under konsertane.

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut