– Heilt konge
Konsert
Ein energisk Janove Ottesen leverte varene då han kom til Stord.
– Og meg og deg! syng dei tre kameratane Per Martin Vatna (26), Jens Nesse (28) og Ronny Bekkenes (29) frå Stord.
Dei er ikkje åleine om å syngja med på songane til Janove Ottesen denne kvelden.
Populær konsert
I februar 2017 slapp Janove Ottesen sitt første norskspråklege soloalbum «Artisten & Marlene». Den etterfølgjande turneen blei svært populær, og han trakk mellom anna fullt hus då han kom til Arena i fjor. Den 19. januar i år slapp han oppfølgjaralbumet «Hengtmann», og på laurdag var han tilbake på Stord for å halda konsert. Ifølgje konsertarrangør Geir Kannelønning blei billettane rivne vekk på to dagar etter at dei blei lagt ut.
– Han der er skikkeleg fan! seier Per Martin Vatne, og peiker på kameraten Jens Nesse, som nikkar bekreftande.
– Me kunne sjølvsagt ikkje høyra på noko anna enn Janove-musikk då me var på vors tidlegare i kveld. Me måtte jo varma skikkeleg opp, seier 28-åringen.
Han gir konserten 10 poeng, på ein skala frå éin til ti.
– Kva er det som er så bra med denne konserten?
– Variasjonen i musikken, og energien hans på scenen, meiner Nesse.
Han høyrer gjerne på musikken hans i kvardagen også, og i fjor, under Tysnesfest, var han på konsert med Janove for første gong.
Fullt hus
Inne i lokala på Arena står publikum tett i tett denne kvelden, frå scenekanten til bakarst i lokalet. Til og med oppe ved shuffleboardet står folk tettpakka. Framme ved gjerdet er publikum med og diggar musikken frå start.
– Musikken er skikkeleg fengjande, sjølv om eg må innrømma at eg ikkje har høyrt så mykje på han frå før. Eg kjem nok til å høyra meir på denne musikken framover, seier Ronny Bekkenes.
Han trur det var bra for Janove at han brøyt med Kaizers Orchestra, for å gjera si eiga greie.
– Musikken er mykje betre live, rett og slett heilt konge, seier Bekkenes.
– Det har vore ein fin kveld for oss – har det vore det for dykk? spør Janove Ottesen frå scenen.
– Jaaaaaa! svarer publikummarane, høgt og tydeleg i kor.
anita@sunnhordland.no
Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.