annonse

Hentar inn solide rockarar

Til Uskedalen
Til Uskedalen: Raga Rockers, med Michael Krohn i front, kjem til Kvinnherad i sommar. (Foto: Paal Audestad / promo)

Raga Rockers og Fagernes Yatch Club er to nye namn til årets festival i Uskedalen.

Vidar Hope

– Med Raga Rockers og Fagernes Yatch Club på plass, er Festidalen om lag halvvegs i programmeringa. Frå før er Hkeem, Fanny Andersen, Lars Vaular og I am K sikra. Og no går det fort. Berre småting står att før plakaten er full, skriv Maria Blom i Festidalen i ei pressemelding.

– Allereie første året, i 2003, snakka me om at mykje av grunnlaget og identiteten me søkte for Festidalen låg i anda til «dei fire store» i norsk rock. No har me hatt DumDum Boys, DeLillos, Valentourettes, som er det næraste me kjem Jokke, og no endeleg siste pilar; Raga Rockers. Det kjennes særs godt å få Michael Krohn og kompani til gards, legg ho til.

Les også: Elvis Costello er klar for Tysnesfest

Raga Rockers er ein bauta i norsk rock. Bandet står breibeint og støtt i både fortida og framtida til sjangeren.

– Klassiske låtar og kronisk skråblikk levert av Kong Krohn i front gir alltid ei sterk oppleving. Ei klippe av eit rockeband mellom uskedalsfjella. Dette vert storslege. Me bikkar inn i det siste junidøgeret med låtar som «Forbudte følelser», «Hun er fri», «Noen å hate» og «Slakt» veltande ut frå scenen, skriv Blom.

Det er ikkje ofte Festidalen hyrer inn coverband. Det kjem heller ikkje til å bli ein ny trend, ifølgje Blom. Men med Fagernes Yatch Club tilgjengelege, kjendes det rett og slett som umogeleg å motstå, seier ho.

– Dette er tidenes partydrink! Ein stor dose lettbeint synth, ein dæsj frekk gitarsolo, ein heil del småerotisk saksofon, ein neve pulserande bass, ein god kvast nydeleg koring og euforisk allsong. Alt dette shaka med ei solid 70-80-talskraft. Her vert det sydenkjensle, opne skjorter og ein lang og sveitt hit-parade. Frå Lionel Richies «All Night Long», via Journeys «Don’t Stop Believing» til Toto sin «Africa». Framført av høgt elska musikarar som Miss Tati, og medlemmer frå Kakkmaddafakka og The New Wine.

Sjekk kulturoversikta i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut