annonse

Her er 100 dagar sitt nye styre

Nytt styre
Nytt styre: Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen), Haakon Vatle og Jostein Sydnes. (Foto: 100 dagar)

Bransjefestivalen på Stord er igjen på jakt etter talentfulle artistar.

Vidar Hope

På slutten av fjoråret melde festivalsjef Håkon Vatle at 100 dagar såg ut til å vera historie. Han grunngav det heile med at Kulturrådet hadde sagt nei til pengestøtte på 80.000 kroner. Det fekk mellom anna innflytta stordabu Knut Marius Sundt til å kasta seg over tastaturet, noko som resulterte i eit engasjerande debattinnlegg.

2017-utgåva blei arrangert som normalt, og i juni kunne Vatle, på vegner av stiftinga 100 dagar, ta imot 100.000 kroner av Sparebanken Vest.

No er altså bransjefestivalen i sving igjen for fullt, og i dag presenterer dei det nye styret for stiftinga. Styret består av Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen), i tillegg til Vatle og Jostein Sydnes, som begge har vore med frå starten av.

Neste 100 dagar blir arrangert helga 26. og 27. januar 2018 og artistpåmeldinga er i gang, skriv Håkon Vatle i ei pressemelding.

«100 dagar er Norges minste bransjefestival med ei garantert bli sett og høyrt-oppleving for banda som spelar der. Nettverksarenaen knyttar festivalar og band tett saman og gir ein unik sjanse til å knytta kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet. Opptil 20 band får delta kvart år. Her får dei ein unik sjanse til å visa seg fram for eit nytt og større publikum, og for meir enn 20 festivalrepresentantar», skriv Vatle.

«Vestlandssatsinga» fører tilat at eitt band/artist får tilbod om seks-ti honorerte festivaljobbar det same året. Slik bidreg festivalane til å byggja CV og speleerfaring for unge, lovande talent.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut