annonse

Ho opptrer på Solstråleøya

Kjem tilbake
Kjem tilbake: Kari Bremnes spelte i Kjevikjo i 2013 for over 600 publikummarar, og skal til sommaren opptre på Solstråleøya. (Foto: Camilla Korsnes)

Kari Bremnes kjem tilbake til Tysnesfest, fem år etter sist.

Magne Kydland

– Kari Bremnes gav oss ein fantastisk konsert i 2013, og det er til dags dato er den konserten me har arrangert i Kjevikjo som har hatt høgast publikumstal. I 2018 skal ho trø i fotspora til Vamp, og Solstråleøya blir hennar arena. Me vil ha same opplegg som i 2017 der me har hurtigbåt som går tur/retur, og alt vert lagt til rette for mange magiske stunder, skriv Tysnesfest i ei pressemelding.

Kari Bremnes har aldri hatt eit større og meir variert publikum enn ho har no. Ho turnerer både i inn- og utland, og berre i haust har ho hatt heile 35 konsertar der heile 95 prosent av alle tilgjengelege billettar har vore selde.

Tidlegare i haust kom ho med si første plate på meir enn fem år, og den har allereie selt heile 5000 fysiske cd-ar, noko som i 2017 er ganske fantastiske tal, heiter det i pressemeldinga.

Bremnes er dermed den fjerde artisten som er klar for Tysnesfest 2018. Dei tre andre er Bigbang, Adam Douglas og Gåte.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut