annonse

Ho skal opna Falturiltu 2019

OPNINGSARTIST
OPNINGSARTIST: Eva Weel Skram kjem til Stord. (Foto: Presse)

Det er artisten Eva Weel Skram som får æra av å opna Falturiltu 2019.

Ingvild Siglen Berger

Falturiltu utvidar i år festivalen med ein dag, og slår til med Eva Weel Skram som opningsartist fredag 1. november.

Det skriv Trond Leirvik Onarheim, festivalkoordinator i Stord kommune, i ei pressemelding.

Nyleg slapp artisten sitt første album «Finne heim» med nynorske tekstar.

Les også: Falturiltu for fulle hus

Falturiltu lovar ein stemningsskapande kveld i storsalen i Stord kulturhus, der Weel Skram som alltid vil ha med seg sin faste musikalske samarbeidspartnar, ektemann og gitarist Thomas Stenersen.

– Programrådet i Falturiltu har jobba lenge med å få til dette samarbeidet, og er særs glade for at denne folkekjære artisten «finn vegen heim» til den nynorske litteraturfestivalen, heiter det i pressemeldinga.

Frå før av er det stadfesta at Ragnar Hovland og Bjørn Tomren med band står for avslutninga av festivalen.

Eva Weel Skram skal elles spela på Bømlo kulturhus 26. oktober. Billettsalet til begge konsertane startar i dag.

Les også: Falturiltu-feber

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut