annonse

Horvei går på scenen med impro og poesi

JAZZ OG POESI
JAZZ OG POESI: Ole Amund Gjersvik (til venstre), Ole Jacob Hystad og Truls Horvei skal underhalda i Amfisalen på Moster. (Foto: PRESSEFOTO)

Førstkommande søndag skal denne gjengen i elden i Moster Amfi.

Olav Røli

Då står nemleg Truls Horvei, Ole Jacob Hystad og Ole Amund Gjersvik på scenen i Amfisalen på Moster.

– Eg gler meg til å opptre i Amfisalen og kjem til å lese frå boka «Fars stemme» frå 2017, men og frå andre av diktbøkene mine. Ole Jacob og Ole Amund er dyktige musikarar som set farge til dikta, og som skapar stemning og spelar standardlåtar. Og sanneleg trur eg at det kan bli litt improvisering frå både musikarane og poeten sjølv, seier Truls Horvei i ei pressemelding.

Han og Ole Jacob Hystad har eit duoprosjekt, som ved dette høvet er utvida med Ole Amund Gjersvik. Og førstkommande søndag skal trioen framføra Horvei sine eigne dikt i god og stødig jazz og poesitradisjon.

Horvei, som er frå Bergen, men busett på Stord, har gjeve ut åtte diktbøker og seks CD-ar med musikk og poesi, og den siste boka, «Fars stemme» kom våren 2017. Stordabu Hystad har eigen kvartett, og er ein mykje brukt jazzmusikar, med både eigne utgjevingar og medverknad på andre. Gjersvik, som bur i Bergen, er kjent som soloartist, bandleiar og var i si tid med i Trang Fødsel, heiter det vidare i pressmeldinga.

Det skjer: Slik er kulturhausten i Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut