annonse

Høyr Hilde Skaar syngja låt frå «Game of Thrones» med KORK i ryggen

SKAAR
SKAAR: Sjå og høyr Hilde Skaar syngja live hos P3. (Foto: Skjermdump)

Hilde Skaar har igjen vitja P3 Live.

Ingvild Siglen Berger

Denne gong var det «Game of Thrones»-fanen Skaar som tok over studio.

Ifølgje P3 var ho ikkje vond å be då dei spurde om ho hadde lyst å covra «The Rains of Castamere» saman med Kringkastingsorkesteret.

Seansen fann stad under liveinnspelinga av «Game of Thrones»-podkasten.

Sist Skaar song live på P3, var i november i fjor. Då framførte ho både singelen «Higher Ground» og sin versjon av Sondre Justad-låten «Ikke som de andre».

Nyleg var Skaar og bandet på tur med kongeparet til Chile, der dei fekk spela under ein av dei offisielle middagane.

– Det var heilt fantastisk! Det var ei veldig lang reise for berre to songar, men eg kjem til å hugsa det resten av livet, sa Skaar til Sunnhordland etter reisa.

Det vart også tid til litt prat med kongeparet.

– Me var veldig nervøse, men dei er så jordnære og fine. Dronninga vitsa litt og etterlikna Stord-dialekten. «Da e’ da, ja», herma ho etter meg, ler Skaar.

Hilde Skaar gjev no ut sin tredje singel og er klar for fleire festivalar i sommar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut