annonse

Høyr vinnarsongen her

LOKALMUSIKAR
LOKALMUSIKAR: John-Inge Rolfsnes frå Stord vil setja søkjelys på korleis folk stemplar kvarandre i kommentarfelt. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
Tidlegare vinnarar

John-Inge Rolfsnes frå Stord sin song om tabu vart kåra til Sunnhordlandslåten 2017.

  • Henrik Mundal Andreassen

Falturiltu sin jury har no kåra årets Sunnhordlandslåt. Det vart «Tabu/Stigma», skriven og framført av John-Inge Rolfsnes (46) frå Stord.

– Veldig kjekt å verta kåra til vinnar årets Falturiltu-låt, men eg må innrømma at det også er litt skummelt, fortel ein glad John Inge Rolfsnes (46) til Sunnhordland.

Syng om tabu

Teksten vart til etter fleire kristne debattar i det offentlege rom, spesielt i diskusjonsforum på nett. Ein gjennomgangsmelodi er at folk «stemplar» kvarandre som både det eine og det andre.

– Låten treff nok ei sårbar nerve hos både meg sjølv og andre. Eg har skrive ein del kristne songar, men akkurat denne låten meiner eg er open for tolking av alle, seier Rolfsnes, som synest det er alt for lett å tenkja svart/kvitt i diskusjonar på nettet. Og at det nærast har blitt tabu å snakka om religion i det offentlege i dag. Noko Rolfsnes ønskjer å belysa med låten «Tabu/Stigma».

– Teksten «Eg har sett mang ein rygg forsvinna. Og nokon trur det handlar om å vinna» i songen, handlar om at folk må læra å sjå kvarandre, og sjå mennesket i ein debatt. Uansett om ein er kristen, muslim, ateist, eller har eit anna livssyn. Me er alle heile menneske, seier Rolfsnes.

Lanserer singel

Til dagleg jobbar han som rettleiar i NAV på Stord, men har mange års erfaring innan musikken. Mellom anna har han gjeve ut to album med trondheimsbandet «Skrent», i tillegg til ein EP med lovsongar. I haust er han også aktuell med singelen «Stup», kor kona Gunhild Aadland Rolfsnes er med og korar.

– Korleis reagerte familien på at du vann?

– Det var jo først og fremst veldig kjekt. Me har tre døtrer og eldstedottera på 16 år var kjapt framme med ein «high five» til meg då eg fortalde dei om sigeren, humrar John-Inge Rolfsnes.

Tett i tet

Festivalsjef Roald Kaldestad i Falturiltu fortel at det i år vart sendt inn 14 låtar til konkurransen.

– Juryen har sagt at nivået vart veldig bra i år, og det enda opp med å bli tett mellom spesielt tre av låtane, seier Kaldestad.

– To av jurymedlemmene hadde vinnarlåten som favoritt, som til slutt stakk av med sigeren etter ei poengfordeling. Både me i styret og juryen synest det er veldig kjekt at folk har sendt inn låtar til oss, og me set veldig pris på initiativet. Mange sit på låtar som dei har lyst til å presentera, seier festivalsjefen.

Høyr vinnarsongen her:

– John-Inge Rolfsnes kjenner eg til som ein rutinert og flink musikar, så det var veldig kjekt at han stakk av med sigeren, seier Kaldestad. Årets låtjury består av Øyvind Staveland i Vamp, Annlaug Børsheim i Morgonfrosken, festivalforfattar Per Olav Kaldestad, og journalist Anita Haugland i avisa Sunnhordland.

Den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu har vorte arrangert sidan 2007, og går av stabelen 4. til 11. november på Stord.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut