annonse

I dag er det kyrkjekaffi på Fjelberg

Vakkert
Vakkert: Søndag 30. juni har du høve til å gå på gudsteneste og så drikka kaffi hjå vertskapet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Søndag kan du drikka kaffi hjå prestefrua på Fjelberg.

Magne Kydland

Dei siste åra har det blitt ein tradisjon at sokneprest Jan Ove Totland og kona Marit Elisebet inviterer til kyrkjekaffi i prestegarden på Fjelberg ei helg dei bur der og har gudsteneste i kyrkja.

– Dette kan du få vera med på søndag. Då er det fyrst gudsteneste i Fjelberg kyrkje, og så er alle velkomne til kyrkjekaffi i prestegarden. Prestefrua vil også ha ei lita utstilling av måleri, bøker og kort som ho har laga. I fjor var Leif Inge Heimvik frå Utåker med og song både på gudstenesta og på kyrkjekaffien. Me set stor pris på at han vert med i år også. Fint om du også kjem. Det går ferje som høver både for dei som kjem frå Sydnes og Borgundøy, melder Marit Elisebet og Jan Ove Totland i ein e-post til kyrkjesida.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut