annonse

I kveld kan du sjå Siren i tv-serien «Magnus»

PREMIEREKLAR
PREMIEREKLAR: Siren Jørgensen har ei rolle i tv-serien «Magnus», som har premiere i kveld. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Skodespelar Siren Jørgensen klar for tv-premiere.

Ingvild Siglen Berger

I kveld er det premiere på NRK sin nye storsatsing, nemleg tv-serien «Magnus».

Serien skal sendast i seks delar, og to episodar ligg alt ute på nrk.no.

Historia handlar om Magnus Undredal, som er Frestad sin dårlegaste politietterforskar. Det er Vidar Magnussen, kjent frå mellom anna «Side om side», som spelar hovudrolla.

I serien får me også sjå stordabu Siren Jørgensen i rolla som Edna.

– Rolla mi er veldig liten, og eg kan ikkje seia så mykje utan å røpa alt. Men Edna er ei kvinne som er mykje eldre enn meg. Ho bur avsidesliggjande til, og vert involvert i Magnus si politietterforsking på eit vis, fortel Jørgensen.

Ho synest serien var veldig kjekk å få vera med på.

– Eg lo så utruleg mykje av manuset då eg las det for første gong. Det er berre hysterisk moro og Vidar Magnussen er eit komisk geni, meiner skodespelaren.

Stordabuen sjølv har ikkje sett serien før premieren.

– Eg har berre sett små klipp, og gler meg veldig, seier Jørgensen. 

«Magnus» har fått strålande meldingar, med terningkast seks frå VG sin Tor Martin Bøe som mellom anna skriv at «faktisk vil jeg hevde at Vidar Magnussen og regissør Geir Henning Hopland redefinerer grensene for «ellevill», og nærmest gjenoppfinner hva norsk humor kan være».

Les også: Slik var Siren Jørgensen i teaterstykket «Tung tids tale» på Stord  

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut