annonse

Inviterer til debatt om aktuelt tema

Flink formidlar
Flink formidlar: Professor Jørn Øyrehagen Sunde. (Foto: Universitetet i Bergen)
Galskap
Galskap: Utstillinga «Galskapens fengsel» er for tida å sjå på museet. (Foto: Sunnhordland museum)

1.000 år med galskap er tema på Sunnhordland museum onsdag kveld.

Magne Kydland

– Er du oppteken av samfunnsverdiar og behandlinga av psykisk sjuke? Då bør du besøka Sunnhordland museum onsdag kveld. Her kan du bli med på ei reise gjennom galskapens rettshistorie i 1.000 år, fram til dagens debatt om behandlinga av psykisk sjuke kriminelle, skriv museumsdirektør Håvard Tvedte i ein e-post til Sunnhordland.

– Jørn Øyrehagen Sunde, opphavleg frå Kvinnherad, er ein av dei leiande jussprofessorane i Norge. Og kjent for vera ein suveren formidlar. Onsdag kjem han til oss, så dette bør folk få med seg, legg Tvedte til.

Sunde vil fortelja om galskapen si strafferettshistorie gjennom tusen år. Etter foredraget blir det omvising i den aktuelle utstillinga «Galskapens fengsel» utvikla av Justismuseet i Trondheim. Den tar opp det viktige spørsmålet: Kva er utilreknelegheit?

– Det har alltid vore ei utfordring for jussen å hanskast med galskap, og den skade ein i galskap er i stand til å påføra andre og seg sjølv, seier Jørn Øyrehagen Sunde, som til dagleg er professor ved Universitetet i Bergen.

– På den eine sida har det ikkje skjedd så store endringar dei siste 1000 åra, sidan ein heile tida har operert med mildare straff for den som blei rekna som gal, og ulike typar forvaring. På den andre sida har det skjedd ein revolusjon, sidan det er stor forskjell på om den som blei rekna som gal blei landsforvist eller underlagt medisinsk behandling, og på det å bli lenkja fast til opphald på psykiatrisk sjukehus. Ei reise gjennom galskapen si strafferettshistorie er dermed òg ei reise gjennom korleis me gjennom 1000 år har forstått både samfunn og menneske, og korleis det kollektive verdigrunnlaget og samfunnsvelstanden har endra seg, held Sunde fram.

Galskap
Galskap: Utstillinga «Galskapens fengsel» er for tida å sjå på museet. Foto: Sunnhordland museum

Ei av Sunnhordland museum sine satsingar er å løfta fram formidlinga av psykiatrihistoria. Difor er dei glade for at Øyrehagen Sunde kjem. Tidlegare på dagen er elevar frå vidaregåande skular inviterte til eigne foredrag med Sunde.

– Å læra meir om korleis behandlinga av psykisk sjuke kriminelle har vore kan hjelpa oss å forstå samfunnet vårt i dag endå betre. Verdispørsmål blei jo mykje debattert i valkampen me har lagt bak oss, og her vil me få nyttig påfyll i kva kollektive verdiar me både har hatt og har. Og me får tid til å reflektera over korleis me vil ha det i framtida, seier Håvard Tvedte.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Sunnhordland museum.

Sjekk kulturhausten i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut