annonse

Inviterer til dobbelt sleppefest

Går i lag
Går i lag: Jørgen Sandvik (t.v.) og Endre Olsen er gode naboar og samarbeider godt. Fredag blir det felles sleppefest på Arena, der dei syng kvar for seg, i lag, og saman med gjester. (Foto: Privat)

Endre Olsen og Jørgen Sandvik er gode naboar på Grov, og går saman om felles sleppefest til helga.

Magne Kydland

Tidlegare i vår sleppte Jørgen Sandvik si første soloplate «Permanent vacation», til skamros over heile fjøla. BT slo til med terningkast 5 og meinte at «Real Ones-gitaristen redder blues-sjangeren».

Kommande fredag slepper Endre Olsen sitt første heile album på stordamål, «Bøttevis med blått». Singlane som har komme i førekant har fått rosande omtale og godt med speletid på radio.

Sandvik og Olsen er allereie gode naboar på Grov. No vert dei og musikalske naboar på same plateselskap: det bergensbaserte Apollon records. Dette markerer dei kommande fredag, med felles platesleppfeiring på Arena.

– Publikum får høyra dei to artistane framføra sine respektive aktuelle plater: solo, saman og med musikalske gjester. Det blir sjølvsagt høve til å kjøpa med seg CD og LP. Velkommen til ein lang og lun kveld med doggfersk norsk blueskøntrifolkrock, skriv dei i ei pressemelding.

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut