annonse

Janove er klar for Festidalen

KJEM TIL KVINNHERAD
KJEM TIL KVINNHERAD: Janove Ottesen er særs populær på Stord. Og no er han klar for Festidalen i Kvinnherad. Her frå fjorårets Fest i Vest. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)
LIVESHOW
LIVESHOW: Real Ones, med Jørgen Sandvik frå Stord (t.v.), er også klare for Festidalen. Vokalist er David Chelsom Vogt. (Foto: OLAV RØLI/ARKIV)

Janove Ottesen og Real Ones er mellom artistane som no er klare for Festidalen.

Olav Røli

I ei pressemelding frå arrangørane av Festidalen, som går av stabelen i Uskedalen i slutten av juni, heiter det at Janove er klare for festivalen.

Ottesen er så populær på Stord at konserten i kulturhuset i oktober allereie er utseld, og ein har difor sett opp ekstrakonsert.

Les også: Klart for ekstrakonsert med Janove

Også fleire andre stader er konsertane til Janove i haust utseld. Festidalen er difor godt nøgd med å ha sikra seg artisten.

LIVESHOW
LIVESHOW: Real Ones, med Jørgen Sandvik frå Stord (t.v.), er også klare for Festidalen. Vokalist er David Chelsom Vogt. Foto: OLAV RØLI/ARKIV

– Janove er ein levande legende. Få har påverka både popen og rocken i landet som han. Og sette ein heilt imponerande standar for liveshow. No kjem han i ny drakt. Nesten i adamsdrakta, for no kjem ein heilt inn på han. Detta blir tett og sterkt, seier Daidalos Dahle, bookingansvarleg for Festidalen i pressemeldinga.

I tillegg kan dei melda at gruppa Real Ones, der mellom andre Spellemann-vinnar Jørgen Sandvik frå Stord er med, skal spela på festivalen.

– Real Ones er eit av dei banda du berre må sjå live. Noko Dagbladet stadfestar, og kåra dei til « Norges i særklasse beste liveband». Det er pop og det er folkrock. Det er leikent og rutinert. Det er fleirstemt og fleirfaldig, heiter det i pressemeldinga.

Frå før er både Gåte, Highasakite og Kriminell Kunst klare for Festidalen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut