annonse

Janove held fram suksessen på Stord

SUKSESS
SUKSESS: Janove Ottesen gjorde stor suksess saman med Kaizers Orchestra i over ti år. No har han også fått skikkeleg fotfeste som soloartist. Dette biletet er teke på ein konsert på Arena for ei tid tilbake. (Foto: ANITA HAUGLAND)
Turnelista

Janove Ottesen kjem til Stord kulturhus med soloturnéen sin. Men du må smørja deg med tolmod heilt fram til neste haust.

Kjetil Østrem

Ottesen, som opererer under artistnamnet Janove, sleppte i formiddag ein serie nye konsertdatoar for neste haust. Oversikten viser at han kjem til Stord laurdag 12. oktober 2019.

Personleg tekst

I september gav Janove ut ein sju spors EP ved namn «Spindelvevriff», beståande av gamle og nye låtar åleine på piano, gitar eller orgel. Blant dei nye låtane er singelen «Bak en sky heim», som er hans mest personlege tekst så langt i karriera. Den handlar om å hylla ungdomen, med utgangspunkt i Ottesen sin nitten år gamle son spesielt. Låten har fått stor respons frå publikum, og blitt spela hyppig både på radio og tv.

Strålande kritikkar

Haustens sleppeturné blei raskt utseld, og den personlege, neddempa og teatralske versjonen av Janove sin musikk fekk strålande kritikkar. Etterspurnaden frå arrangørar gjer ein ekstraturné neste haust mogeleg.

Ottesen byrjar turnéen på heimstaden sin, Bryne, fredag 11. oktober. Dagen etterpå kjem han altså til Stord, der begge foreldra hans kjem frå.

– Inspirerande

Ottesen sjølv ser fram til ein del to av soloturnéen sin.

– Eg er utruleg glad for å ha kome i gang med denne delen av å vera låtskrivar, der eg sjølv kan vera musikar og framføra kjerneversjonen av låtane mine til eit såpass stort og lyttande publikum. Årets haustturné gjekk over all forventning, og har verkeleg vore inspirerande for meg på fleire plan, seier Janove i ei pressemelding.

Les også: Møtte helten Janove eige utdrikkingslag

Han understrekar at det er godt å kunna sitja ned og prata direkte og ærleg med publikummet sitt, og berre vera seg sjølv, utan noko meir hjelp enn litt scenografi og eit par teatertriks på scenen.

– Dette er ein draum som går i oppfylling, og eg ser fram til å gjenta denne turnéen alt til neste år, seier artisten.

Kultband

Janove Ottesen var i mange år frontfiguren i kult-rockebandet Kaizers Orchestra, som blei starta i Bergen i 2000, og som spela sin førebels siste konsert i Stavanger 14. september 2013. Grunnleggjarane og låtskrivarane i bandet var Ottesen og barndomsven Geir Zahl, som begge kjem frå Bryne. Musikken til Kaizers Orhcestra blei såleis framført på klingande jærdialekt.

Bandet gav totalt ut åtte studioalbum og vann til saman fire Spellemannprisar. I 2012 blei bandet heidra med prisen som Årets Spellemann.

Les også: Energisk Janove leverte varene på Arena

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut