annonse

Jonas (10) er DJ Axillar – og skal spela for fleire tusen på Handballfestivalen

Klar for Stord
Klar for Stord: Jonas (10) er DJ Axillar på fritida. (Foto: Andrea Rygg Nøttveit / Framtidajunior.no)
Klar for Stord
Klar for Stord: Jonas (10) er DJ Axillar på fritida. (Foto: Pressefoto)

Som DJ Axillar har han spelt med Staysman og møtt både CLMD og Alan Walker. I pinsehelga spelar han på Handballfestivalen på Stord.

  • Andrea Rygg Nøttveit / Framtidajunior.no

– Eg har jobba med dette i eitt år no, fortel Jonas Hansen, også kjent som DJ Axillar.

På t-skjorta til femteklassingen frå Haugesund står det Axillar, som er DJ-namnet hans.

– Eg har berre sitte og spelt og tenkt korleis songen er bygd opp, svarar femteklassingen, på spørsmål om korleis han har blitt så god til å spela musikk.

Brukar mykje tid

No går han på kurs på Musikksenteret kvar tysdag og brukar så mykje tid som mogleg på å laga musikk.

– Eg bruker ganske mykje tid, men lekser og skulen stoppar meg frå å laga musikk, seier Jonas.

Det heile byrja ganske enkelt med at Jonas ville ha ein god overgang mellom dei ulike låtane medan han spelte køyrespelet Driver med musikk på headsetet.

– Det er mykje vanskelegare enn det du trur. Det eg synest var vanskeleg var at eg hadde ein liten kontroller og faderar, så når eg skulle bytta song så sleit eg litt med å få den andre songen på tid, fortel Jonas.

Møtte Alan Walker

I dag sit han og miksar lydar med programmet Ableton og har spelt framfor tusenvis av menneske saman med «Staysman». I sommar skal han mellom anna spela på Tysnesfest, der han tidlegare har fått lov til å møta Alan Walker.

Saman med Marshmellow og Kygo er Walker eitt av førebileta til den unge DJ-en.

Folk kommenterer gjerne at «du kjem til å bli den nye Kygo», men Jonas er ikkje einig. Han vil bli Axillar.

Klar for Stord
Klar for Stord: Jonas (10) er DJ Axillar på fritida. Foto: Pressefoto

Med pappa som manager

10-åringen drøymer om å bli DJ – eller elektrikar, som pappa. I tillegg til å jobba som elektrikar fungerer pappa som manager og får telefon eller e-postar frå folk som vil at DJ Axillar skal spela for dei.

Og sjølv om pappa ikkje alltid forstår kva han held på med, så synest Jonas det er god hjelp i å ha han til å lytta gjennom musikken og gje tilbakemelding.

– Det er ikkje alltid eg høyrer om det er bra eller ikkje, smilar tiåringen.

Denne saka blei først publisert på Framtidajunior.no.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut