annonse

Jørgen Sandvik er nominert til Spellemannprisen

Nominert
Nominert: Jørgen Sandvik kom i fjor med sitt første soloalbum, og er no nominert til Spellemannprisen innan blues. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Jørgen Sandvik har vunne den gjæve prisen tre gonger før, saman med andre. No er han for første gong nominert som soloartist.

Magne Kydland

– Jørgen Sandvik er nominert til Spellemannprisen for sitt første soloalbum kalla «Permanent Vacation». Kritikarar uttalte at Jørgen Sandvik «reddar bluesen», at det er håp for bluesen og at han bringar bluesen framover. Låtar frå albumet har blitt spelt på radiostasjonar over heile Europa. Albumet er produsert av Ivar Chelsom Vogt og Jørgen sjølv, begge kjende frå Real Ones, skriv artistmanager Gaute Singstad i ei pressemelding.

Les også: Slik var Jørgen Sandvik sitt plateslepp på Arena

Sjølv ser Sandvik bluesen først og fremst som ein tilstand. Hans posisjon i blues-tradisjonen er å både sjå lenger tilbake og lenger fram.

– «Is there hope?» vert ofte trekt fram som eitt av høgdepunkta frå plata. Den blei også valt ut av Spotify sin redaksjon, og vert hyppig spelt på spelelista «Morgenkaffe». Songen var også innom Norway Viral 50 Norway nokre veker i haust, heiter det i pressemeldinga.

Jørgen Sandvik (43) har tidlegare vunne to spellemannprisar med Real Ones, og éin med Sigrid Moldestad. Han er no busett på Grov på Stord.

Fredagpraten: Jørgen Sandvik er bohem på landet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut