annonse

Jul med Spinae Company

Erin Sele, Guro Lund Tungeland, Oda Steensohn, Mathilde Jordåen Molvik, Dina Blokhus Johannessen, Brita Angeltveit. Nede frå venstre
Erin Sele, Guro Lund Tungeland, Oda Steensohn, Mathilde Jordåen Molvik, Dina Blokhus Johannessen, Brita Angeltveit. Nede frå venstre: Michelle Vorland, Agnes Antonsen Alsaker og Solveig Koløen Birkeland.
(Foto: MALIN LANGØY AARBØ)
: Korleis skal det gå med oss til jul? Tenkjer dei stakkarslege menneskeborna. Her spelt av Michelle Vorland, Solveig Koløen Birkeland og Agnes Antonsen Alsaker frå venstre.
(Foto: MALIN LANGØY AARBØ)
: Spinae Company leverer eit heimelaga oppsett med enkle kulissar og levande lys.
(Foto: MALIN LANGØY AARBØ)
«Trollungars jul» m/Spinae Company

Spinae Company har meir å by på enn berre rein underhaldning.

  • Vurdert Av Malin Langøy Aarbø

Den timeslange teateroppsetjinga er den andre av tre i rekkja som kan rapporterast om i helga. Dette er første gong oppsetjinga blir teken i bruk.
 
 
På scenen står eit lite knippe flinke skodespelarar, klar for å lokka publikum i riktig julestemning. Magdalena From Delis er instruktør og imponerer med sine kreative påfunn.
 
 

Lureri

«Trollungars jul» handlar om foreldrelause ungar som verken har husly eller anna å visa til. Dei blir møtt av ein rik, snill nissefamilie som gjerne ønskjer å stella i stand ei gledeleg jul for ungane. Forsøket blir likevel sabotert av nokre lumske troll, som støtt og stadig har noko lureri på gong.
 
 
 
Stykket går føre seg i ei verd av konfliktar og motstridande interesser for å oppfylla eigne behov. Men kanskje jakta på den perfekte jul ikkje er så langt vekke som ein skulle tru?
 
 
 
På overflata er dette ei enkel og lettfordøyeleg barneframsyning om nissar, troll og menneske med kvar sin måte å feira jul på. Men bak denne fasaden skjuler det seg spørsmål på eit djupare plan: Kan born og vaksne med varierande bakgrunn og med ulike økonomiske føresetnader leva side om side?
 
 
 
BAKGRUNN: Set opp julestykke om integrering
 
 
 
 
Delis gjer ein formidabel jobb med å retta søkjelyset mot den litt triste baksida av julefeiring. For mange er tema om dårleg økonomi og einsemd tett knytt opp til realiteten, og med dagens debatt om flyktningar og integrering, er stykket i aller høgaste grad up-to-date.
 
 

Varm og morosam

Samtidig er det langt på nær ei dyster framsyning. Historia er både spennande, varm og morosam – akkurat lang nok i tid til at dei yngste ikkje går lei gjennom knappe seksti minutt. Stilla i salen tyder på at manus og fortellarvinkling kjem borna godt i møte, og kanskje dei vaksne vel så gjerne kunne hatt godt av ei hand å halda i? Heilt sikkert er det i alle fall at teateret klarar å få fram kjensler av samhald og kjærleik. Tema som utvilsamt er passande i eit julestykke.
 
 
 
Alle dei ni skodespelarane fortener ein god dose skryt for sin innsats under framsyninga. Med særdeles enkle rekvisittar å spela på, minimalt med lyseffektar og ein liten scene på same bakkeplan som publikum, stillast det krav om genuin speleglede og sjølvtillit for å tora å stå fram i ein slik anledning. Det er herleg å sjå at crewet fungerer som ei heilskap: ingen er viktigare enn andre. Og jentene har ingen problem med å bæra stemmene ut, trass i mangel på mikrofon. Dette er modig gjort.
 
 
 
Avslutningsvis ein original, barnevennleg og heimelaga produksjon, med eit viktig bodskap til ettertanke. Passar for folk i alle aldrar.
 
 
 
Sjekk kva som skjer! Kulturkalenderen for Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut