annonse

Julekonsert med solid oppmøte

Eige korps
Eige korps: Huglo skulekorps består av 13 musikantar, anten fastbuande eller med tilknyting til Huglo. Dirigent er Nick Hughes. (Foto: Hedvig Flornes)
Rekruttering
Rekruttering: Huglo skulekorps er sikra rekruttering for dei neste åra. Her er tre av dei fire aspirantane i aksjon. Torbjørn Caldwell (frå venstre), Matilde Caldwell og Engeline Haukanes, som også spela to solist-nummer kvar. (Foto: Hedvig Flornes)
Jazz
Jazz: Friteam Jazzklubb var nytt og populært innslag på den tradisjonelle julekonserten på Huglo i år. (Foto: Hedvig Flornes)

Så å seia heile bygda og vel så det møtte opp på konsert.

Magne Kydland

– Til å komma i god julestemning av: Julekonsert med snø ute, og Friteam Jazzklubb frå Høgskulen på Vestlandet og Huglo Skulekorps inne i gymsalen på skulen. I år var det ein ny vri på den tradisjonelle konserten: 13 musikantar i korpset under leiing av dirigent Nick Hughes spelte julesongar, også til allsong, etter tradisjonen, skriv Hedvig Flornes på nettstaden huglo.no.

Det har blitt ein tradisjon at det er førjulskonsert på øya, som har om lag 95 innbyggjarar. På konserten plar det vera både fastbuande, folk som stammar frå Huglo og nokon som har fritidsbustad der. I år møtte om lag 70 personar opp, anten som bidragsytarar eller publikum. Den yngste var halvanna år, den eldste 85 år.

Rekruttering
Rekruttering: Huglo skulekorps er sikra rekruttering for dei neste åra. Her er tre av dei fire aspirantane i aksjon. Torbjørn Caldwell (frå venstre), Matilde Caldwell og Engeline Haukanes, som også spela to solist-nummer kvar. Foto: Hedvig Flornes

I fjor var Songlaget Stordabuen det store trekkplasteret. I år måtte huglabuen klara seg med meir lokale krefter, men også god hjelp frå Høgskulen på Vestlandet avd. Rommetveit.

Jazz
Jazz: Friteam Jazzklubb var nytt og populært innslag på den tradisjonelle julekonserten på Huglo i år. Foto: Hedvig Flornes

Friteamet Jazzklubb spelte kjende og ikkje så kjende melodiar i jazzversjon. I tillegg spelte Nick Hughes på kornett, og det var litt smakebitar frå eksamenskonsertar av musikkstudentar.

– Huglo skulekorps er lausleg sett saman av ei «hard kjerne» og til og frå-musikantar med god tilknyting til Huglo. Og så har korpset heile fire aspirantar! Tre av dei var til stades og spela to eigne nummer. Applausen kunne tyda på at dei godt kunne ha spela eit ekstranummer, me er glade for tilveksten! Og som på alle samkomme på Huglo: Gode kaker, kaffi – og julebrus! Og utlodding både av blomar og andre fine gevinstar, står det å lesa på referatet på den lokale nettstaden.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut