annonse

Jünger skal på podiet fleire gonger

Miljø og bedehus
Miljø og bedehus: Jane Jünger skal delta to gonger i Moster Amfi i løpet av våren. Først skal ho fortelja om globale klimaendringar, og sine møte med Al Gore, og så blir ho med Otto Ersland og fortel om bedehuslandet Sunnhordland. (Foto: Marius Knutsen)

Moster Amfi har mange spanande tema på programmet denne våren og byr på både onsdagsforedrag og lange seminar.

Magne Kydland

– Steinseminaret som har eksistert i mange år no, går av stabelen første helga i mai med det høgaktuelle temaet: «Geopark Sunnhordland», kor det skal handle om historia om oss, sett gjennom geologi- og arkeologibriller. Dyktige professorar og studentar vil presentere interessante område, funn og fenomen i eigen region og ikkje minst forklare kva ein geopark eigentleg er, skriv dagleg leiar Nina Meldahl Olsen i Moster Amfi i ei pressemelding om vårprogrammet.

Moster 2024-seminaret vil i år handle om Olav den heilage som lovgjevar med Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved juridisk fakultet på UiB som foredragshaldar.

Søndag 28. april blir det foredrag om: «Søte, salige Sunnhordland – minner og songar frå bedehusland».

– Otto Ersland, redaktør i forlaget Kapabel og Jane Junger har halde foredrag om emnet fleire stader i regionen med stor suksess. Det vert mimring gjennom både historier, musikk og mat. Pianist Håkon Tolaas vil spele, og Amfiet vil stå for bedehusmaten, skriv Meldahl Olsen.

Onsdagsforedraga vert arrangert ein gong i månaden for seniorar og andre som har både tid og lyst til å oppdatere seg, lære noko nytt, men som og ønsker å slå av ein prat. Her får ein foredrag, kaffi og noko attåt.

– Konsernsjef Jakob Særsten i LOS skal i mars fortelje om det vesle elektrofirmaet Los som vaks seg til eit stort konsern, korleis vegen fram til i dag har vore, men og om vegen vidare inn i framtida. Jane Junger, kommunikasjonssjef i Wärtsilä i Norge kjem i april med siste nytt frå internasjonale klimakonferansar og vil snakke om både globale klimaendringar, korleis den lokale industrien må tilpasse seg det grøne skiftet og ikkje minst kva me som enkeltmenneske kan gjera. Ho kjem ikkje til å klare å la vera å snakke om Al Gore, fortel amfileiaren.

Først ut i foredragsrekkja er Ola Ersland allereie førstkommande onsdag. Han vil fortelje om Peder Harboe Hertzberg – potetpresten på Finnås som dreiv med så mykje meir enn berre poteter.

Få god oversikt over kulturarrangement i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut