annonse

Kan bli årets bygde­profil

: Dag Jørund Lønning vart landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. No kan han bli «årets bygdeprofil». (Foto: Christel Bachmann Barbo, HLB)

Dag Jørund Lønning synest det er stas å vera nominert.

Magne Kydland

Professor Dag Jørund Lønning frå Stord er nominert til Årets bygdeprofil i Norge. Lønning er den første Sunnhordlending som er nominert til denne heiderstittelen. Det har også berre skjedd ein gong før at ein forskar/akademikar har blitt nominert.
 
 
 
I kriteria for prisen står det at Årets bygdeprofil skal vera ein kjend person som har markert seg med særleg innsats for bygda, og som har profilert den norske bygda på ein særleg positiv måte.
 
 
 
Juryen har plukka ut seks nominerte frå mange innsende forslag. Årets bygdeprofil blir kåra gjennom ei avstemming blant Nationen sine lesarar.
 
 
 
Kåringa starta i 2004, og tidlegare vinnarar er mellom andre Oddgeir Bruaset, Yasmin Syed, Therese Johaug og Odd Nordstoga.
 
 
 
LES OGSÅ: Lønning tek brunosten til Hollywood
 
 
 
Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen ved landbruk og bygdeutvikling (HLB) på Jæren. Han har ei lang fartstid bak seg som forskar og leiar ved ei rekke forskingsinstitusjonar i landet.
 
 
 
Ein kan røysta Lønning fram som Årets bygdeprofil på Nationen sine nettsider. Det kan røystast ein gong i døgnet fram til 19. februar.
 
 
 
Sjølv tykkjer den utflytta stordabuen at det er stas å vera nominert.
 
 
 
– Eg ser dette som ei stor ære, og som ei anerkjenning av arbeidet for eit meir deltakande samfunn og for ein landbruks- og bygdepolitikk med større rom for nyskaping og mangfald. Eg håpar mange stordabuar og sunnhordlendingar vil stemma på meg! seier Lønning til Sunnhordland.
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut