annonse

– Kanskje den råaste bookinga nokon gong

Levande legendar
Levande legendar: The Prodigy skal spela sin einaste konsert i Norge i år på Gjerstad Arena på Tysnes den 13. juli. (Foto: Promo)

– Kanskje den råaste bookinga me nokon gong har gjort, seier Tysnesfest-sjefen.

Magne Kydland

– The Prodigy er klare for Tysnesfest, melder dagleg leiar Øystein Vaage i Tysnesfest.

The Prodigy vart rekna som pionerar innan elektronisk danse music. Dei vart etablerte allereie i 1990 i Braintree, Essex, og var eit av dei store namna i ravepartytida.

Saman med The Chemical Brothers og Fatboy Slim var The Prodigy eitt av dei mest trendsettande banda på 90-talet, med sin særeigne miks av punk og tekno.

Britane sine tekstar vart mange stader sett på som støytande, og videoen til «Firestarter» blei nekta vist tidleg på kveldane. Same skjebne fekk «Smack my bitch up». Dei fleste radiostasjonane nekta å spele låten.

Les også: Elvis Costello kjem til Tysnesfest

Nokre av deira mest kjenne hits er «Firestarter», «Breathe» og «Smack my bitch up» som alle har nærare 40 millionar strøymingar på Spotify. Både «Breathe» og «Firestarter» gjekk til topps på norske hitlister.

– Å booka The Prodigy er kanskje noko av det råaste me har gjort hittil i Tysnesfest si historie, men me er sikre på at både dagens ungdom, og kanskje ikkje minst dei som var ungdom på nittitalet vil gå mann av huse for å skaffa seg billettar. The Prodigy er absolutt noko av det feitaste ein kan oppleva, og lyd- og lysproduksjonen blir den heftigaste me har sett på Tysnesfest hittil. Fleire musikkmagasin har bandet på topplistene over band ein må få med seg live før ein døyr, seier ein entusiastisk Vaage.

The Prodigy spelar på Gjerstad Arena fredag 13. juli, og Tysnesfest blir einaste festival dei skal spela på i Norge i år.

Les også: Kyrkjekonsert med Ingebjørg Bratland under Tysnesfest

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut