annonse

Karina (19) frå Stord er finalist i Miss Norway

Topp ni
Topp ni: Karina R. Okorokova trur ho kan nå heilt til topps i konkurransen. Så langt er ho blant dei ni beste. (Foto: DANIEL MILLAN)

– Det er heilt utruleg!

Vidar Hope

Karina R. Okorokova har fått lite søvn i natt. Seint søndag fekk ho beskjed om at ho er éi av ni jenter som kom gjennom nålauga og tok seg heilt til Miss Norway-finalen. I starten var det 180 som kjempa om finaleplass.

– Alle har venta i spenning på denne meldinga, og no er me ni jenter som er vidare. Det er ein veldig samansveisa gjeng der alle fortener å vinna konkurransen, seier Okorokova til Sunnhordland måndag morgon.

9. august skal ho kjempa om å bli Miss Norway i Oslo.

Bakgrunn: Karina (19) frå Stord vil bli vakrast i landet

For å komma seg vidare i konkurransen må deltakarane skaffa seg poeng. Det gjer dei ved å blogga, dukka opp i pressa, skaffa seg sponsorar og driva med frivillig arbeid.

– Sjølve konkurransen handlar om å skaffa flest mogeleg poeng. Eg var blant dei som hadde flest, og gjekk vidare. Difor har eg også trua på at eg kan komma meg heile vegen til finalen, sa Okorokova til Sunnhordland då plassen i semifinalen var eit faktum.

Ho seier det er ein stolt familie som heiar på ho heime på Stord.

– Ingen av dei tok det heilt seriøst i starten, men no trur eg alle er litt sjokkerte – og alle støttar meg, seier ho.

Les også: Karina frå Sagvåg vil vera eit godt førebilete

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut