annonse

Kjem «him te jul»

Julekonsert
Julekonsert: Vidar Johnsen er ofte på våre kantar, sist på kjolefesten til Lion-kvinnene. I vekene før jul vert artisten frå Haugesund å høyra i fleire lokale kyrkjer. (Foto: Geir Rommetveit)

Vidar Johnsen med julekonsert i fleire lokale kyrkjer.

Magne Kydland

I fjor gjorde eks Vamp-vokalist Vidar Johnsen sin første juleturné, og konserten «Him te jul» vart godt teken imot av publikum.

Difor legg han ut på vegen att også førjulstida i år. Då vil han tolka sine eigne julefavorittar på sin eigen måte. Han vert å høyra fleire stader i Sunnhordland: Tysnes kulturkyrkje onsdag 13. desember, Sveio kyrkje dagen etter. Laurdag 16. desember vert han å høyra i Kvinnherad kyrkje, medan Johnsen tek turen til Stord søndag 17. desember.

Sjå kva som skjer i kulturkalenderen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut