annonse

Klare for Siddis Brass

Verdsreise
Verdsreise: Sagvåg Musikklag er klare for Siddis Brass. Her frå NM i Grieghallen i februar. (Foto: INGVILD EIDE)

Sagvåg Musikklag gjer ei musikalsk verdsreise i Siddis Brass-program sitt, og gir ein forsmak onsdag kveld.

Hilde Vormedal Nybø

Siddis Brass er kalla eit uoffisielt NM i underhaldningsmusikk, og Sagvåg Musikklag er langt frå noko novise i konkurransen.

– Me deltek i Siddis Brass for 31. gongen i år. Musikklaget har veksla mellom 1. og 2. divisjon. Dei siste åtte-ti åra har me spelt i 2. divisjon, informerer styremedlem Heine Kaldefoss.

Verdsreise

I konkurransen spelar korpsa eitt valfritt program og har 21 minutt til rådvelde. Minutta brukar Sagvåg musikklag på ei musikalsk verdsreise.

– Me startar her heime, med fanfare frå Hyldningsmarsj og går direkte over i Storbystev. Så drar me vidare vestover til England og her får me servert ein nydeleg kornettsolo, solist Nick Hughes. Turen går vidare over Atlanterhavet til Amerika og der treff me og får høyra Mr. Sandman. Eitt skikkeleg «morostykke». Reisa fortset til Korea og ein voggesong/bånsull. På vegen heimover er me innom Russland og får servert litt musikk frå operaen Mlada før me endar opp igjen i Norge og spelar finalen frå Hyldningsmarsj, fortel Kaldefoss.

Konsert i kveld

Programmet er knytt saman av Sagvåg Musikklag sin faste dirigent Yngve Nikolaisen.

For dei som ikkje er har høve til å reisa til Stavanger, er det mogeleg å høyra programmet onsdag. Då har Sagvåg Musikklag konsert på Stord vidaregåande skule. Med på konserten er også Tysnes Musikklag, som også er dirigert av Yngve Nikolaisen og Tysvær Brass med sin dirigent Paul Hughes.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut