annonse

Kvelertak skal fylla Arena

Hardcore
Hardcore: Kvelertak kjem til Stord og Arena 23. februar. Her er vokalist Erlend Hjelvik frå sist gong bandet var på Stord. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

23. februar kjem hardcore/metalbandet Kvelertak til Stord og Arena.

Kjetil Østrem

Onsdag morgon klokka 09.00 opnar billettsalet til Kvelertak-konserten på Arena 23. februar. Det blir stadfesta av dagleg leiar, Geir Kannelønning, på Bakeriet Frugård. 

Bandet er for tida på europaturné med Metallica, men skal gjera nokre få utvalde show i Noreg i byrjinga av 2018, innimellom slaga. Alle konsertane Kvelertak har annonsert her heime så langt har blitt utselde på få minutt.

Kvelertak blei starta i 2007, og består av Erlend Hjelvik (vokal), Bjarte Lund Rolland (gitar), Maciek Ofstad (gitar), Vidar Landa (gitar), Marvin Nygaard (bass) og Kjetil Gjermundrød (trommer). Stilmessig spelar bandet ein krysning mellom ulike sjangrar, hovudsakleg hardcore punk, med black metal-element.

Kvelertak har gjev ut tre album og har vunne fire Spellemann-prisar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut